Ot.prp. nr. 51 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 17 om husleieavtaler (husleieloven) o.a.

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei enkelte føresegnene

Til § 12-5 nytt andre og tredje ledd

I ein tvist der husleigetvistutval kan treffe avgjerder, må saka behandlast der før tvisten kan bringast inn for tingretten dersom det følgjer av rettargangslovgivinga at behandling i forliksrådet elles ville vere naudsynt. Det går fram av nytt andre leddførste punktum. Føresegna føreset at husleigetvistutvalet både er saklig og stadleg kompetent til å treffe avgjerda. Tilvisinga til rettargangslovgivinga siktar til reglane i tvistemålslova §§ 272 – 275 for dei saker der den lova gjeld, og til tvistelova § 6-2 for dei saker der den lova vil gjelde.

Det går fram av andre ledd andre punktum at forliksråd ikkje kan behandle tvistar som husleigetvistutval kan behandle. Det inneber at dersom bustaden ligg innanfor det stadlege verkeområdet til eit husleigetvistutval, kan ikkje partane velje å bringe saka inn for eit forliksråd utanfor husleigetvistutvalets stadlege virkeområde, i den grad partane eller saksøkjar elles ville kunne velje eit anna verneting etter føresegnene i rettargangslova. Det er også ein føresetnad at husleigetvistutvalet har sakleg kompetanse til å treffe avgjerd i tvisten.

For tida finnest det berre husleigetvistutval i Oslo og Akershus. Det saklege verkeområdet for dette utvalet er for tida avgrensa til tvistar om leige av bustad i Oslo og Akershus, og der tvisten gjeld husleigelovene frå 1939 og 1999, jf. mellombels føresegn 28. september 2000 nr. 1020 om husleigetvistutval for Oslo og Akershus § 1. Tvistar om leige av lokale fell såleis utanfor det saklege verkeområdet til Husleigetvistutvalet i Oslo og Akershus.

Føresegna er ikkje til hinder for at andre tvisteløysingsorgan kan behandle tilsvarande tvistar, dersom dei har kompetanse til dette. Husleigenemnda i Oslo kan til dømes behandle tvistar om gjengs leige til bustader i Oslo, jf. lov 7. juli 1967 nr. 13 om husleieregulering mv. for boliger § 15.

Tvangsfullføringslova § 5-11 regulerer høvet til å utsetje fullføringa av ei fråviking som er satt i gang. Fullføringa kan utsetjast etter krav frå saksøkjar.

Å bringe ei sak inn for husleigetvistutval skal nå likestillast med søksmål etter tvangsfullføringslova § 5-11 første ledd andre punktum. Det går fram av husleigelova §12-5 nytt tredje ledd . Dette inneber at fråviking frå ein bustad også kan utsetjast etter krav frå saksøkte, dersom tvist om grunnlaget for fråvikinga blir brakt inn for husleigetvistutval. Ei sak skal reknas som brakt inn for husleigetvistutval når husleigetvistutvalet har mottatt skriftleg eller munnleg krav om at saka skal behandlast av husleigetvistutvalet, jf. mellombels føresegn 28. september 2000 nr. 1020 om husleietvistutvalg for Oslo og Akershus § 4.

Til tvistemålsloven § 273 nr. 8

Det blir slått fast at forliksrådet ikkje skal foreta mekling i saker som med heimel i husleigelova høyrer under eit husleigetvistutval. Føresegna avskjerer høvet til å bringe tvistar inn for forliksrådet, der husleigetvistutvalet har kompetanse, utan omsyn til om husleigetvistutvalet alt har mekla i eller truffe avgjerd i tvisten. Ein konsekvens av føresegna vil vere at kumulasjon i forliksrådet ikkje kan skje, ved at ein part bringer ein husleigetvist inn for forliksrådet saman med andre tvistespørsmål mellom dei same partane.

Til iverksettingsføresegna

Lova gjeld frå 1. juli 2006.

Andre ledd slår fast at saker som er brakte inn for forliksråd før 1. juli 2006 kan behandlast av forliksrådet, medan saker som kjem inn etter denne datoen må avvisast. Overgangsføresegna gjeld ikkje dersom forliksrådet avviser ei sak som er brakt inn før 1. juli 2006.