St.meld. nr. 3 (2004-2005)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2004

Til innhaldsliste

2 Utval av inntekter og utgifter

2.1 Skattar og avgifter frå fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2004 syner at dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg auka frå 461,3 mrd. kroner i 2003 til 480,0 mrd. kroner i 2004, ein auke på 18,8 mrd. kroner eller 4,1 prosent.

Rekneskapstala syner at samla skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg vart 11,7 mrd. kroner lågare enn rekna i saldert budsjett for 2004. Nedjusteringa skuldast i stor grad at inntektene frå skattlegging av føretak vart lågare enn lagt til grunn. Føretak er etterskotspliktig skattytar, og det er skatt for inntektsåret 2003 som vart innbetalt i 2004. Trass i auka lønnsemd i næringslivet i 2003 vart likevel skatteinntektene frå føretak reduserte med om lag 10 prosent frå inntektsåret 2002 til 2003. Mange føretak, særleg i privat tenesteyting, hadde underskot i 2001 og 2002. Ein mogleg årsak til nedgangen i skatteinntekter frå inntektsåret 2003 kan difor vere at mange føretak har ført fram underskot frå tidlegare år. Nedjusteringa av skatteinntektene samanlikna med tala i saldert budsjett skuldast òg at auken i lønn har vorte lågare enn først lagt til grunn.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene på 480,0 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2004 utgjorde skatt på inntekt og formue 119,5 mrd. kroner, ein reduksjon på 0,7 prosent frå året før.

Skatt og avgifter til folketrygda, trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift, utgjorde 149,9 mrd. kroner i 2004, og svarar til ein auke på 4,1 prosent frå året før.

Meirverdi m.v., jf. kap. 5521, som er blant dei viktigaste inntektskjeldene til staten, steig med 6,5 prosent til 137,3 mrd. kroner i 2004.

Andre særavgifter og tollinntekter utgjorde til saman 73,3 mrd. kroner i 2004. Dette er 7,8 prosent meir enn i 2003. Auken i særavgifter er særleg knytt til auka omsetning av motorkjøretøy.

2.2 Skattar og avgifter frå petroleumsverksemda

Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda i 2004, utan CO2-avgift, vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 114,0 mrd. kroner. Rekneskapstala for 2004 er 114,8 mrd. kroner, jf. kap. 5507.

Rekneskapstala for betalte direkte skattar vart 820 mill. kroner høgare enn ein venta i nysalderingsproposisjonen. Meirinntekta kjem frå innbetaling av terminskatt i desember 2004.

Betalt produksjonsavgift vart 17 mill. kroner høgare enn venta i nysalderingsproposisjonen, medan betalt arealavgift vart 4 mill. kroner lågare enn venta.

Inntekt frå avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 3 300 mill. kroner. Rekneskapstala for 2004 er 3 309 mill. kroner, jf. kap. 5508. Samla skatt og avgift på utvinning av petroleum vart rekna til 117,3 mrd. kroner i nysalderingsproposisjonen, medan rekneskapen synar 118,1 mrd. kroner, jf. tabell 2.1.

2.3 Inntekt frå Staten si direkte deltaking i petroleumsverksemda

Netto inntekter frå petroleumsverksemda vart rekna til 85,8 mrd. kroner i nysalderinga, medan rekneskapen syner 80,0 mrd. kroner, jf. tabell 2.1 og 2.2. Inntekter frå Staten si direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE) er i det alt vesentlege driftsinntekter med frådrag for driftsutgifter og investeringsutgifter. Inntektene frå SDØE vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 85 907 mill. kroner. Rekneskapstala for 2004 er 80 166 mill. kroner. Nedgangen i inntekt skuldast i hovudsak at realisert oljepris og produksjon vart lågare enn venta dei siste månadene av 2004.

2.4 Samla oversikt over Staten sine inntekter og utgifter

Tabell 2.1 Staten sine inntekter 2000 – 2004 (tal i mill. kroner)

  RekneskapSaldert budsjettNysaldert budsjettRekneskap
  2000200120022003200420042004
Skattar på formue og inntekt98 144104 358127 576120 372133 874119 780119 534
Arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift122 006128 374137 085144 019151 735150 200149 867
Tollinntekter2 0291 7841 6721 6141 4861 5061 648
Meirverdiavgift121 710130 306128 318128 913134 788139 100137 337
Avgifter på alkohol8 7118 4918 2308 5109 2549 1489 027
Avgifter på tobakk6 9147 1106 9756 7607 5616 8506 799
Avgifter på motorvogner30 51330 28932 22733 56935 60038 90238 867
Andre avgifter16 63818 85317 70417 51317 38517 42416 953
Sum skattar og avgifter406 666429 565459 789461 270491 683482 911480 032
Renter av statens forretningsdrift9194103339833
Avskrivingar, avsetjingar til investeringsformål og inntekter av statens forretningsdrift3 5502 7722 4721 7861 9561 7211 791
Sum inntekter av statens forretningsdrift3 6412 8652 5761 8181 9651 7291 824
Renter frå statsbankane 1)10 25811 57911 96312 1979 3778 2108 165
Renter av kontantbehaldninga i statskassa og andre krav 1)4 3696 4354 2743 6474 0962 7432 967
Utbyte ekskl. Statoil3 6034 5607 4796 1308 0618 4788 488
Renteinntekter og utbyte ekskl. statens forretningsdrift og Statoil18 23022 57423 71721 97421 53319 43119 619
Inntekter under departementa19 62319 49919 60223 90518 42019 33122 866
Overføring frå Noregs Bank10 68510 685
Tilbakeføring av midlar frå Statens banksikringsfond1824 35082
Sum andre inntekter30 49034 53419 68423 90518 42019 33122 866
Sum inntekter ekskl. oljeskattar, petroleumsverksemd og tilbakebetalingar459 027489 538505 766508 967533 600523 401524 341
Inntekter frå statleg petroleumsverksemd121 466151 04990 56284 71375 100106 22098 703
Skatt og avgift på utvinning av petroleum61 455112 10689 701101 38084 300117 300118 142
Aksjeutbyte frå Statoil1 7025 7465 0455 1335 1335 2225 222
Sum petroleumsinntekter184 623268 902185 308191 227164 533228 742222 068
Tilbakebetalingar51 02490 72541 98368 87448 84493 46995 154
Overføring frå Statens petroleumsfond9 46840953 40662 84467 75280 72780 727
Sum inntekter704 141849 574786 463831 913814 729926 339922 290

1) Fordelinga er endra i forhold til St. meld. nr. 3 for 2002.

Tabell 2.2 Samla utgifter etter departement 2000-2004 (tal i mill. kroner)

DepartementRekneskapSaldert budsjettNysaldert budsjettRekneskap
  2000200120022003200420042004
Det kongelege hus og Slottsforvaltninga12913899118130134134
Regjering m.m.143180187192203208203
Stortinget og underliggjande institusjonar7598489381 0571 2801 2951 223
Høgsterett47485054525254
Utanriksdepartementet13 36714 84716 49517 30117 77917 47917 657
Utdannings- og forskingsdepartementet26 91332 79443 28833 09028 24629 34729 374
Kultur- og kyrkjedepartementet3 5743 9075 2385 5605 6115 7075 851
Justis- og politidepartementet11 38111 79113 05813 88613 58513 95414 604
Kommunal- og regionaldepartementet63 45965 19786 00966 43359 50862 20561 505
Arbeids- og sosialdepartementet29 87733 2193 6674 0915 51411 49311 630
Helse- og omsorgsdepartementet57 86663 37568 80273 71374 062
Barne- og familiedepartementet20 77923 49824 55326 31931 57032 33832 192
Nærings- og handelsdepartementet4 5415 6755 20412 2114 76515 16115 461
Fiskeri- og kystdepartementet2 2082 3772 7662 7382 5412 7572 891
Landbruks- og matdepartementet16 48714 01914 75814 06814 00214 23414 481
Samferdselsdepartementet24 76420 84821 62230 74121 16121 22621 416
Miljøverndepartementet2 6542 7302 9342 6082 6012 5052 613
Moderniseringsdepartementet21 08221 48720 15412 03019 4187 1467 321
Finansdepartementet25 21768 26472 01031 42077 42080 75878 945
Forsvarsdepartementet25 81826 84230 98630 54529 21629 46531 461
Olje- og energidepartementet1 15722 5031 5841 5771 4493 4423 504
Ymse utgifter252918176 3554010
Statsbankane51 88368 52960 40462 81067 81373 93971 543
Statleg petroleumsverksemd23 30025 73616 07517 56421 06020 45318 661
Statens forretningsdrift2 0141 6341 7032541 205903908
Statens petroleumsfond161 373257 426169 234173 662143 473218 148213 266
Sum statsbudsjettet532 950724 566670 898623 721644 757738 101730 967
Folketrygda175 357187 642205 271224 527228 256232 501230 392
Samla utgifter med lånetransaksjonar708 307912 208876 169848 248873 013970 602961 359
Lånetransaksjonar 1)56 715152 128122 70281 904107 128137 732135 704
Statens petroleumsfond161 373243 235169 234173 662143 473218 148213 266
Samla utgifter utan lånetransaksjonar og statens petroleumsfond490 219516 845584 233592 681622 412614 722612 390

1) I statsrekneskapen for 2001 og 2004 er hhv 14,191 mrd. kroner og 9,859 mrd. kroner i lånetransaksjonar knytt til Statens petroleumsfond i samband med sal av aksjar i Statoil ASA, aksjeteikning, utlån m.v.

Til forsida