St.meld. nr. 40 (2004-2005)

Datatilsynets og Personvernnemndas årsmeldingar for 2004

Til innhaldsliste

4 Administrasjon og ressursar

Datatilsynet som ein brukarvennleg etat

Mange enkeltpersonar har ein høg terskel for å ta kontakt med statlege organ. I Datatilsynet har dei freista gjere kontakten med etaten enklare. Datatilsynet har i 2004 – etter litt prøvetid – fått etablert ei såkalla ”førstelinjeteneste”. Tenesta svarer på innkomne telefonar og e-post – i tillegg til å yte hjelp i saksbehandlinga. Dette har medført at alle relativt enkle spørsmål får raskare svar. Tilbakemelding frå publikum har vore positiv. Moderniseringsdepartementet meiner førstelinjetenesta er eit føredøme for andre verksemder.

Klagesaker

Talet på klagesaker til Personvernnemnda var i 2004 på om lag same nivå som tidlegare år. Personvernnemnda har likevel varsla om at det dei første månadene i 2005 har komme inn ei rekkje nye klagesaker. Auken i talet på klagesaker kjem bl.a. av auka aktivitet i Datatilsynet. Fleire av klagesakene oppstår i etterkant av Datatilsynets tilsynsverksemd – særleg tilsyn i samband med forskingsprosjekt. Her har Datatilsynet avdekt ei rekkje tilfelle der forskarar ikkje følgjer dei fastsette konsesjonsvilkåra. Vidare oppstår ein del klagar som følgje av usemje om konsesjonsvilkår. Andre saker gjeld privatpersonar som meiner deira personvern er krenkt på ulike måtar, og som søkjer hjelp frå Datatilsynet for å rette opp i dette. I tillegg til at talet på klagesaker har auka, har sakene blitt meir komplekse. Ein stor del av sakene har handla om å vege viktige samfunnsomsyn mot kvarandre – slik som ytringsfridom og personvern.

Moderniseringsdepartementet vil følgje med i utviklinga og vurdere om både Datatilsynet og Personvernnemnda har tilstrekkelege ressursar i forhold til arbeidsoppgåvene dei er pålagde.