St.prp. nr. 17 (2004-2005)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2004 m.m. under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

5 Oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 469 (2003-2004)

I samband med handsaminga av St.meld. nr. 38 (2003-2004) Om petroleumsvirksomheten, fatta Stortinget 14. juni 2004 følgjande vedtak:

«Stortinget ber Regjeringen i samarbeid med oljeselskapene og leverandørindustrien foreta en gjennomgang av prosjektene nevnt i Innst. S. nr. 249 (2003-2004) som planlegges på norsk sokkel, og vurdere tiltak slik at de kan gjennomføres og fremskyndes.»

Prosjekta omfatta av oppmodninga er:

  • Volve

  • Tyrihans, undervassutbyggjing knytt til Kristin/Åsgard B

  • Dagny til Sleipner

  • Lavrans knytt til Åsgard

  • Skinfaks/Rimfaks IOR

  • Statfjord seinfase

  • Klegg (har fått nytt namn, Vilje)

  • Ekofisk disponering

  • Nytt bustadkvarter Ekofisk

  • Flyndre, ny brønnhovudplattform

  • Ny plattform Valhall

  • Skarv

  • Frigg disponering

Departementet har bede operatørselskapa for dei nemnde prosjekta om å orientere om framdrifta av desse. Selskapa blei òg bedne om å gjere greie for kva som eventuelt kunne gjerast for å framskunde prosjekta.

Selskapa opplyser at dei vil byrje på fleire av prosjekta tidlegare enn det som står i dei opphavlege planane. Fleire av selskapa skriv at det er viktig med ei forsvarleg gjennomføring av prosjekta og å la vere å ta forhasta avgjerder. Dette vil tryggje kvaliteten i alle trinn i avgjerdsprosessen. Ytterlegare framskunding av prosjekta vil kunne føre med seg negative konsekvensar med omsyn til kvalitet og tryggleik. Når det gjeld kva som kan gjerast for å tryggje ei positiv avgjere om utbygging, har nokre av operatørselskapa nemnd at endringar i dei fiskale rammevilkåra kunne vere ei mogleg handsrekking frå styremaktene. Andre selskap har peikt på forlenging av konsesjonstid som ein føresetnad. Departementet er òg kjend med at særskilde krav frå styremaktene med omsyn til HMS og ytre miljø kan vere ei utfordring, og for Statfjord Senfase kan slike krav medverke til at prosjektet ikkje blir vedteke.

Departementet har bede Oljedirektoratet (OD) om ei vurdering av selskapa si gjennomgåing av prosjekta. OD tykkjer at responsen frå selskapa i dekkjande grad er i samsvar med deira eiga vurdering av framdrifta i prosjekta, og at selskapa i hovudsak har realistiske planar. OD meiner det ikkje er tenleg med ei ytterlegare framskunding av prosjekta, og tykkjer at tidsplanen for nokre av prosjekta allereie er stram.

Departementet har sett i gong ein prosess i samarbeid med leverandørindustrien ved Teknologibedriftenes Landsforening (TBL) for å drøfte dei aktuelle prosjekta. Fleire møte er heldt, og departementet har presentert TBL for innhaldet i svara til operatørane, samt OD og OED si vurdering av desse. Industrien er såleis kjend med status for og framdrifta i prosjekta samt departementet sitt syn. TBL har sjølv nær kontakt med operatørselskapa. Departementet vil halde fram dialogen med TBL og operatørane i tida framover.

Med utgangspunkt i OD si vurdering og merknader frå industrien, meiner departementet at det ikkje er føremålstenleg å gjere særskilde tiltak for å framskunde prosjekta ut over dei tiltaka som allereie er vedteke.

Departementet følgjer systematisk opp alle olje- og gassfelt på norsk sokkel, medrekna prosjekta nemnd i oppmodingsvedtaket. Med omsyn til endringar i fiskale rammevilkår, som nokre selskap har peikt på, gjorde Regjeringa framlegg om nokre justeringar i petroleumsskattesystemet i Revidert nasjonalbudsjett 2004 for mellom anna å stimulere til ny aktivitet.