St.prp. nr. 22 (1999-2000)

Om samtykke til å setje i kraft ein skatteavtale mellom Noreg og Uganda, underskriven i Kampala den 7. september 1999

Til innhaldsliste

2 Generelle merknader

Etter oppmoding frå ugandiske styresmakter tok Noreg og Uganda i 1998 opp forhandlingar om å inngå ein avtale om å hindre dobbel skattlegging. Etter første forhandlingsrunde i Kampala blei eit utkast til avtale parafert den 6. november 1998. Ekspedisjonssjef Odd Hengsle, Finansdepartementet, leia den norske delegasjonen.

Avtalen byggjer i store trekk på mønsteret for tosidige avtalar som er utarbeida av OECD. På grunn av skilnadene mellom økonomiane i Noreg og Uganda, er det på nokre punkt også teke omsyn til det mønsterutkastet som er utarbeidd i FN for skatteavtalar mellom industrialiserte land og utviklingsland. Avtalen inneheld likevel nokre avvik frå desse mønsteravtalane. Mellom anna har avtalen reglar om hjelp til innkrevjing.

Avtalen er inngått på engelsk. Den engelske teksten og ei norsk omsetjing følgjer som vedlegg.

Til forsida