St.prp. nr. 79 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 4/2001 av 31. januar 2001 om endring av vedlegg IX til EØS-avtala (fjerde direktiv om motorvognforsikring)

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Kravet i direktivet om at skadelidne skal ha eit direkte krav mot forsikringsselskapet følgjer direkte av § 4 i bilansvarslova av 3. februar 1961. Føresegna om at det skal vere eit konsesjonsvilkår at forsikringsselskap som teiknar ansvarsforsikring for motorvogn, skal ha ein skaderepresentant i kvar av dei andre EØS-statane, vil etter vurderinga til Finansdepartementet krevje ei endring i lova om forsikringsverksemd av 10. juni 1988 nr. 39.

Justisdepartementet har ansvaret for bilansvarslova, medan Samferdselsdepartementet har ansvaret for forskriftene til bilansvarslova, jf. forskrift av 1. april 1974 nr. 3 om trafikktrygd mv. Justisdepartementet og Samferdselsdepartementet reknar det som mest føremålstenleg at føresegnene om informasjonssenter, skadebotsorgan og sanksjonar kan innarbeidast i forskriftene til bilansvarslova. Dette gjer det naudsynt med forskriftsendringar. For å kunne gjere dette må bilansvarslova endrast på einskilde punkt for å gje heimel til å utvide forskriftene tilstrekkeleg.