Historisk arkiv

- Sløkk lyset og kutt energiforbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Sløkk lyset og støtt Earth Hour. Men husk at det er dei tiltaka ein gjer dei andre timane i året som verkeleg teller, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete og gir Kommune-Noreg fem energi-spare-tips.

- Sløkk lyset og støtt Earth Hour. Men husk at det er dei tiltaka ein gjer dei andre timane i året som verkeleg teller, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete og gir Kommune-Noreg fem energi-spare-tips.

Kommunalministeren har allereie sendt brev til alle norske kommunar og bedt dei bli med på kampanjen ”Earth Hour”. I fjor var 109 norske kommunar med på kampanjen. I år håpar kommunalministeren enda fleire kommunar sløkker lyset ein time frå kl. 20.30 laurdag 27. mars.

- Eg ynskjer å bruke høvet til å minne kommunane på den viktige jobben som må gjerast for å få ned klimagassutsleppa. Her spelar kommunane ei sentral rolle, skriv Navarsete i brevet til kommunane.

No kjem statsråden – som også har ansvar for byggepolitikken i Noreg – med råd til korleis kommunane kan spare energi også utanom kampanjetimen i morgon.

- Eg har fem viktige energiråd til kommunane, seier Navarsete:

  • Bygg passivhus!
  • Kutt energibruken i eksisterande bygg!
  • Gjer energisparing til ein kvardagshandling for alle tilsette!
  • Få på plass energi- og klimaplanlegging innan 1. juli!
  • Sørg for klimabevisst innkjøp!

- Kommunane er viktige aktørar i arbeidet for eit betre klima. Av dei 15-17 millionar tonn klimagassar Noreg skal kutte innan 2020, viser analyser at halvparten kan kuttast i kommunane, seier Navarsete.

Ho peiker på at pengar spart på straum er pengar tente i kommunekassa.

- Kommunane brukar fire milliardar kroner årleg på energi i eigne bygg. Det er muleg å spare ein halv milliard kroner årleg på energieffektiviserande tiltak. Dette er pengar eg er sikker på kommunane kan ha behov for å bruke på betre skule, trygge barnehagar og god omsorg for dei eldre, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.