- Del data – skap nye arbeidsplassar

– Bruk av ny teknologi og betre utnytting av industridata i næringslivet er ein viktig nøkkel for å lykkast i det grøne skiftet og å skape lønnsame arbeidsplassar i heile landet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik. I dag tok han imot ein rapport med gode råd om datadeling.

Fra venstre:  konsernsjef i Tine, Gunnar Hovland , statsråd Sigbjørn Gjelsvik, leder av ekspertgruppa, Heri Ramampiaro, Elisabeth Tapper, konserndirektør for langsiktig innovasjon og digitalisering i Tine,, Inger Berg Ørstavik, professor ved institutt for privatrett ved UiO, Christopher Lech, forskningsleder SINTEF Digital og Mikal Kvamsdal, sekretariatsleder (Abelia).
Fra venstre: konsernsjef i Tine, Gunnar Hovland , statsråd Sigbjørn Gjelsvik, leder av ekspertgruppa, Heri Ramampiaro, Elisabeth Tapper, konserndirektør for langsiktig innovasjon og digitalisering i Tine,, Inger Berg Ørstavik, professor ved institutt for privatrett ved UiO, Christopher Lech, forskningsleder SINTEF Digital og Mikal Kvamsdal, sekretariatsleder (Abelia). Foto: KDD

Ei ekspertgruppe leia av professor ved NTNU Heri Ramampiaro står bak rapporten om deling av industridata. Ekspertgruppa blei sett ned etter at stortingsmeldinga "Data som ressurs. Datadrevet økonomi og innovasjon" var behandla i Stortinget våren 2021.

Rapporten gir råd om korleis bedrifter kan nytte data for å styrke kjerneverksemda si, byggje nye verksemder på sal av data, eller for å gjere verksemda meir berekraftig. Ekspertgruppa råder verksemdene til å tenkje på og organisere data på same måte som andre alle aktiva i ei bedrift: Dataressursane treng vedlikehald og oppfølging på same måte som ei maskin eller ein motor. Det krev innsats og kunnskap, men vil samstundes gi nye moglegheiter og konkurranseføremon.

-  Data er ein ressurs me har mykje av i Noreg. Nyttar me data rett, kan me skapa verdiar, arbeidsplassar og bidra til grøn omstilling. Men det krev at me deler meir og annleis, og at myndigheitene både inspirerer og legg til rette for at datadeling skal skje, seier leiar for ekspertgruppa, Heri Ramampiaro.

I Hurdalsplattformen er regjeringa tydeleg på at industrien og næringslivet skal få insentiv til å utforske og ta i bruk ny teknologi. Regjeringa peiker særleg på lav- og nullutsleppsløysningar, kunstig intelligens, stordata, autonome system og «tingenes internett» (IoT).  

- Vi har framleis eit stort uutnytta potensial for vekst i den norske dataøkonomien, og det er viktig at næringslivet samarbeider om deling og bruk av industridata på ein måte som legg til rette for rettferdig konkurranse og er til nytte for samfunnet, seier Gjelsvik.

Industridata er typisk data frå sensorar og kontrollsystem i produksjonen, vedlikehalds- og arbeidsplanleggingssystem og utstyrsinformasjon.

- Denne type data har stort potensial for verdiskaping, men skal gevinstane hentast ut, må næringslivet meir aktivt dele og bruke industridata til utvikling, innovasjon og kunnskapsbygging, seier Gjelsvik.

Ei barriere for økt deling av data i næringslivet er knytt til avklaringar av eigarskap til data og tilgangs- og brukarrettar. Felles retningsliner vil byggje tillit mellom aktørane som bruker kvarandre sine data. Dette vil kunne redusere barrierane og stimulere til økt datadeling i og mellom verdikjeder.

-  Data mogleggjer innovasjon og verdiskaping, men som mange andre har vi i TINE erfart at det er krevjande å realisere verdiar av data og datadeling. Ekspertgruppas rapport inneheld konkrete retningslinjer og anbefalingar, og vil vere eit relevant og nyttig verktøy for vidare satsing på datadeling i næringslivet, seier Elisabeth Tapper, konserndirektør for langsiktig innovasjon og digitalisering i Tine.

- Det manglar over hovudet ikkje på vilje. Det som kan hindre at me utnyttar denne moglegheita, er manglande kunnskap og ein innebygd redsel for å gjere noko feil eller ulovleg. Denne frykta er det ingen grunn til å ha, seier Ramampiaro.

Se rapporten "Deling av industridata" her

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00