Historisk arkiv

100 millionar kroner til senter mot incest, seksuelle overgrep og valdtekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Dei 22 sentra mot incest og seksuelle overgrep og ressurssenter mot valdtekt har fått utbetalt sin årlege statsstøtte.

Sentra er eit viktig supplement til det offentlege hjelpeapparatet. Dei gir hjelp og støtte til utsette for incest, seksuelle overgrep og valdtekt, og pårørande til utsette barn og vaksne. Med bakgrunn i regelverket for tilskottsordninga, får tre av sentra ekstra tilskot i 2020: SMISO Oppland, SMISO Sogn og Fjordane og SMISO Elverum. 

Tilskotsordninga vart oppretta i 2006.

Her finn du meir informasjon om sentra.