16,4 millionar kroner i støtte etter brannen i Skatestraumstunnelen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har no løyva 16,4 millionar kroner i skjønsmidlar til Sogn og Fjordane fylkeskommune som ein kompensasjon for utgiftene fylkeskommunen har hatt etter brannen i Skatestruamstunnelen.

- Vi har lagt vekt på å behandle denne saka raskt, og kan allereie no love fylkeskommunen at kompensasjonen er på veg. Når lokalsamfunn blir råka av store ulykker er det heilt nødvendig at storsamfunnet kan hjelpe, og det gjer vi no, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Det er under to månader sidan det begynte å brenne i den undersjøiske tunnelen under Skatestraumen i Bremanger kommune. Brannen starta då eit vogntog lasta med store mengder bensin mista hengaren sin. Til alt hell blei ingen personar alvorleg skadde i brannen, men ulykka førde til store skadar på den fylkeskommunale tunnelen. Tunnelen var stengd i nesten to månader etter ulykka, og fylkeskommunen tok derfor i bruk att det nedlagde ferjesambandet mellom Smørehamn og Kjelkenes. Tunnelen opna for kolonnekøyring 7. september og arbeidet med reparasjonar er venta å vare ut året.

Kostnadene til reparasjonar på tunnelen og ekstraferja har til saman ført til store uføresette utgifter for fylkeskommunen, og departementet har derfor vedteke å dekkje delar av utgiftene.