Historisk arkiv

200-års jubileum for Forliksrådet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Justis- og politidepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Justisdepartementet


15 november 1995

200-års jubileum for Forliksrådet

I år er det 200 år sidan forliksråda vart innstifta i Noreg. Omlag 15 millionar saker har vorte handsama i forliksråda i desse 200 åra. Kvar kommune har i dag sitt forliksråd, og rådet er no ein kombinasjon av meklingsinstans og domstol.

Markeringa av jubileet vil i hovudsak skje i november i år. Det vert arrangert eit festmøte i Oslo laurdag 18. november i Oslo Tinghus. Ei rekkje lokale markeringar vil også finne stad. Posten har gjeve ut to frimerker for å markera forliksrådet sitt 200-års jubileum.

Målet med "forligelseskommisjonene" var at dei skulle fungere som konfliktløysar i alle slags saker, bortsett frå straffesaker som krev offentleg påtale.

I saker der partane møter, vert ofte meir enn halvparten forlikte eller pådømde. Det vert ofte også avsagt dommar utan at partane møter, særleg i gjeldssaker.

Historikk

Ved opprettinga i 1795 fekk forliksråda påbod om å mekla i alle tvistesaker, også valdssaker og andre straffesaker som ikkje trong offentleg påtale. Mekling i tvistesaker vart gjort obligatorisk. Målet var at medlemene i kommisjonen, fredsmeklarane, skulle "afværge unødige og bekostelige rettergangs-trætter imellom undersaatterne". Forliksråda var eit tillegg til dei vanlege domstolane. Medlemene av kommisjonane var formelt sett komisarier eller kommisærer. Ofte vart dei omtala som fredsmeklarar. Fredsmeklarane skulle skape fred og semje der det før herska usemje og konfliktar.

Det var ikkje noko nytt at ansvaret for å løyse tvistemål vart lagt til eit lekmannsorgan. Rettsstellet i Noreg hadde like fram til 1600-talet vore basert på ei tingordning der bønder og borgarar på bygde- og byting hadde ansvaret for det meste av mekling og domsseiingar. Forlik, eller "semje" som forliksavtalen heitte i eldre tid, låg til grunn for rettsordninga i riket. Slik sett var opprettinga av forliksråda ei gjenoppliving av det rotfesta lekmannsansvaret i rettsstellet, men i ei ny form som var tilpassa utviklinga etter 1600.

Forliksråda i dag

I dag er forliksråda ein kombinasjon av meklingsinstans og domstol. Om mekling ikkje fører fram, tek forliksråda tvistane opp til doms så sant dei ikkje finn saka for vanskeleg. Forliksråda har dei seinare åra fått utvida domsmakt i tvistar der det ikkje vert oppnådd semje. Dei fleste sivile sakstypane kan handsamast, men hovedvekta av sakene er gjeldssaker. Forliksmekling er i utgangspunktet pliktig i sivile saker, men det er i dag ei rekkje unnatak frå plikta. Ein part som ikkje er nøgd med avgjerdsla i forliksrådet, kan anke ho inn for herreds- eller byretten.

Forliksrådsmekling skjer framleis bak lukka dører og det kostar berre kr. 485,- å få ei sak handsama. I motsetnad til forliksmekling er domsforhandlingane etter regelen opne. Det er ikkje naudsynt å hyra advokat eller prosessfullmektig for å reisa ei sak for forliksrådet, men i dag har partane høve til å møta i forliksrådet med advokat, med einskilde unnatak for sjølve forliksmeklinga.

Forliksråda i framtida

Noverande forliksrådsordning baserer seg på tvistemålslova av 1915. Justisdepartementet er i gong med eit prosjekt om det sivile rettsstellet på grunnplanet. Her vil forliksråda sin kompetanse, storleik og administrativ tilknytting verte vurdert. Først i 1996 vil det vera råd å sei noko om utfallet av desse vurderingane.

Fleire opplysningar

Har De trong for meir informasjon, kan De ta kontakt med rådgjevar Lars Winsvold, tlf 22 34 54 38, eller førstekonsulent Knut Erik Johansen, tlf: 22 34 54 55.


Lagt inn 16 november 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen