Historisk arkiv

29,6 millionar kroner til Jølster etter uver og flaum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Uveret og flaumen i sommar var dramatisk og gjorde store skadar. Jølster kommune vart spesielt hardt råka, og no sørger vi for at kommunen ikkje blir sitjande aleine med rekninga, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet betaler no ut 29,6 millionar kroner til Jølster kommune for utbetringar etter flaumen.

Styrtregn og uver i juli i år førte til ein dramatisk flaum i Sogn og Fjordane. Jølster vart særskilt hardt råka. Lokalt kraftig regn førte til at elvar og bekkar voks kraftig på kort tid, og tok med seg stein, lausmassar og vegetasjon. Nedbørsmengdene førte til mange jordskred, flaum og stengde vegar, evakuering av innbyggjarar og reisande.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet gir Jølster kommune 29,6 millionar kroner i kompensasjon for utgifter til handtering av den akutte krisesituasjonen, opprydding og utbetring av skadar på den kommunale infrastrukturen. Midlane kjem frå budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00