35,5 millionar kroner til Sogn og Fjordane etter regn og flaum

– Kommunar og fylkeskommunar skal ikkje stå aleine når store naturhendingar råkar. Storsamfunnet tek derfor ein del av rekninga etter flaumen i Nordfjord i sommar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet betaler no ut nesten 35,5 millionar kroner til Sogn og Fjordane fylkeskommune, Stryn og Gloppen kommunar.

Kraftig regnvêr førte til flaum i Nordfjord 24. juli i år. Flaumen gjorde særskilt skade på kommunal infrastruktur i Breim i Gloppen kommune, og Utvik og Utvikfjellet i Stryn kommune.  I tillegg førte flaumen til skadar på fylkesvegnettet.

Departementet har vedteke å kompensere fylkeskommunen med 27,4 millionar kroner. Gloppen kommune har fått innvilga 1,3 millionar kroner, medan Stryn kommune får 6,7 millionar kroner. Mesteparten av midlane går til utbetring av skadar på kommunale veger og bruer, men omfattar òg handteringa av den akutte krisesituasjonen og kostnadar ved ei ekstra ferje på ferjesambandet Anda - Lote.

Midlane tildelast over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.