Revidert nasjonalbudsjett

39 millionar kroner til fylkesveg i Agder

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Denne regjeringa held fram med satsinga på grøn teknologi, som vil bidra til fleire arbeidsplassar som vil ta Noreg inn i framtida. Ny batterifabrikk i Arendal treng ein god veg for trygg og effektiv transport. Derfor foreslår vi å gi 39 millionar kroner til ny veg frå E18 til Eydehavn i Arendal, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Løyvinga kjem i samband med framlegginga av revidert nasjonalbudsjett for 2022. Vegen skal gå frå E18 til Eydehavn. Lokale styresmakter meiner vegen er ein føresetnad for å få etablert ein ny batterifabrikk på Eydehavn.

– I Hurdalsplattforma er vi tydelege på at vi skal legge til rette for storskala battericelleproduksjon i Noreg. Med denne løyvinga bidreg vi til oppstarten av denne fabrikken, seier Nygård.

For meir informasjon, sjå: