Historisk arkiv

75 millionar kroner til å styrke norskopplæring for vaksne innvandrarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Arbeids- og inkluderingsministeren foreslår i revidert nasjonalbudsjett at kommunane får 75 millionar kroner til å styrke norskopplæringa for vaksne innvandrarar.

Innvandrarar treng god norskopplæring, slik at dei lærer seg norsk så raskt som mogeleg etter at dei kjem til landet.

– No set vi inn strakstiltak for å hindre at norskopplæringa i kommunane blir bygd ned på grunn av utilsikta verknader av den nye tilskotsordninga, seier arbeids- og inkluderingsministeren. Han foreslår i revidert nasjonalbudsjett at kommunane får 75 millionar kroner til å styrke norskopplæringa for vaksne innvandrarar.

Frå 1. september 2005 vart tilskotet til norskopplæring for vaksne innvandrarar lagt om.

Den nye tilskotsordninga har ført til at mange kommunar får mindre tilskot enn tidlegare, slik at fleire kommunar står framfor store reduksjonar i opplæringa. Kvaliteten på opplæringa kan bli dårlegare.

– Dette er ein uheldig verknad av den nye ordninga, noko som gjer at regjeringa vil endre ho. Ei eventuell omlegging av ordninga vil først kunne skje frå 2008, seier Bjarne Håkon Hanssen.

I samarbeid med KS vil departementet vurdere korleis ein kan få ei god fordeling av desse midla mellom kommunane.

– Mange kommunar samarbeider om norskopplæring for vaksne innvandrarar, og det er positivt. For å oppretthalde kvaliteten er det nødvendig at fleire kommunar samarbeider om denne oppgåva, understrekar statsråden.

Revidert nasjonalbudsjett 2007

Til toppen