Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

566 millionar kroner til Norges idrettsforbund i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) får i statsråd i dag 566 millionar kroner frå spelemidla til idrettsformål i 2012.

Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) får i statsråd i dag  566 millionar kroner frå spelemidla til idrettsformål i 2012.

Tilskotet til NIF omfattar grunnstøtte til sentraladministrasjonen i NIF, idrettskrinsar og særforbund. NIF skal vere ein open og inkluderande organisasjon. Tilskotet skal bidra til å utvikle aktiviteten som går føre lokalt i idrettslaga. Aktivitetstiltak for barn og ungdom er eit prioritert område. I tillegg skal tilskotet sikre grunnlaget for ei etisk og fagleg kvalifisert toppidrettssatsing.

- NIF er den største barne- og ungdomsorganisasjonen i Noreg. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for mykje og god aktivitet i regi av den frivillige medlemsbaserte idretten, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

- Tilskotet skal bidra til å sikre vidare satsing for å betre aktivitetstilbodet for barn og ungdom. Eg er spesielt oppteken av at idretten utviklar aktivitetstilbod som får ungdom til å halde på lenger med organisert idrett, seier kulturministeren. 

- Olympiatoppen spelar ei avgjerande rolle når det gjeld utviklinga av toppidrettsarbeidet i særforbunda. Tilskotet skal mellom anna sikre at den gode satsinga på toppidrett held fram, både for funksjonsfriske utøvarar og for utøvarar med nedsett funksjonsevne, seier kulturminister Huitfeldt.

Til toppen