Auka norsk-ukrainsk samarbeid

Ny avtale mellom Noreg og Ukraina opnar for auka samarbeid mellom dei to landa.

Statssekretær Ayhan og motparten hennar, viseminister Piatnitski, under ein avtale om etablering av ein kommisjon for handels-, næringslivs- og økonomisk samarbeid.
Statssekretær Ayhan og motparten hennar, viseminister Piatnitski, under ein avtale om etablering av ein kommisjon for handels-, næringslivs- og økonomisk samarbeid. (Foto: NFD)

 

Ny avtale mellom Noreg og Ukraina opnar for auka samarbeid mellom dei to landa.

Statssekretærane Dilek Ayhan og Amund Drønen Ringdal  i Nærings- og fiskeridepartementet  gjesta tysdag Kiev saman med blant andre statsminister Erna Solberg og  EU-minister Vidar Helgesen. Formålet med vitjinga var å styrkje det bilaterale forholdet mellom Noreg og Ukraina og å vise støtte til Ukraina i den vanskelege situasjonen landa er i.

Ein norsk-ukrainsk næringslivskonferanse samla meir enn 200 deltakarar. Med begge landa sine statsministrar til stades, skreiv statssekretær Ayhan og motparten hennar, viseminister Piatnitski, under ein avtale om etablering av ein kommisjon for handels-, næringslivs- og økonomisk samarbeid.

- Det er eit steg i riktig retning for utviklinga av dei økonomiske relasjonane med Ukraina at vi no har etablert ein arena for regelmessig kontakt mellom styresmaktene i dei to landa. Næringslivet, og særleg sjømateksportørane, har etterspurt ei slik plattform, seier statssekretær Dilek Ayhan.

Sjømathandel stod på dagsorden for statsministeren i møta hennar med statsminister og president og statssekretær  Amund Drønen Ringdal  har hatt møter med formannen i Fiskeribyrået og økonomiministeren i Ukraina.

- Sjømat står for 85 prosent av norsk eksport til Ukraina og frå norsk side har vi teke opp spørsmål knytt til utfordringar for sjømathandelen, seier Ringdal.

I samband med gjesta blei det også gjennomført eit fyrste møte i kommisjonen, leia av statssekretær Ayhan frå norsk side og viseminister Piatnitski frå ukrainsk side, der handelsfasilitering og anna økonomisk samarbeid stod på dagsordenen.

- Kommisjonen er no formelt etablert og vi ser fram til å begynne det praktiske samarbeidet for å leggje til rette for meir omfattande og betre samarbeid, seier Ayhan.

 

Fakta:

  • Samhandelen mellom Noreg og Ukraina var i 2013 på 2,52 mrd. kroner.
  • Sjømathandelen har dei siste åra utgjort ca.85 pst. av all eksport til Ukraina.
  • Rundt 35 norske selskap er aktive i den ukrainske marknaden. Det er særleg sektorar som sjømat, maritim og IT/IKT som står sentralt i samarbeidet. Moglegheitene for eit meir diversifisert samarbeid er som gode.
  • EFTA-statane og Ukraina inngikk frihandelsavtale i 2012. Avtalen legg til rette for auka handel og næringssamarbeid.
  • Noreg og Ukraina underskreiv 18. november i Kiev ein avtale om å etablere ein regjeringskommisjon for handels-, næringslivs- og økonomisk samarbeid. Fyrste ordinære møte i kommisjonen blir forventa gjennomført i løpet av 2015.