Historisk arkiv

Priv til red

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkjer Oppland tysdag 25. mars

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Tysdag 25. mars besøkjer Bent Høie Sykehuset Innlandet, Gjøvik og Lillehammer, Bøverbru skole på Toten og Søre Ål bo- og servicesenter på Lillehammer.

Tysdag 25. mars besøkjer Bent Høie Sykehuset Innlandet, Gjøvik og Lillehammer, Bøverbru skole på Toten og Søre Ål bo- og servicesenter på Lillehammer.

 

Kl. 09.00-11.00
Program, Sykehuset Innlandet, Gjøvik

09.00-09.45 Statsråden møter leiinga ved sjukehuset på Gjøvik. Møtet med leiinga er lukka for pressa.

09.45-10.55 Høie besøkjer ambulerande akutteining (psykiatri), proteseeininga og AMK-sentralen.

Adresse: Kyrre Grepps gate 11, Gjøvik

Kl. 11.25-12.25
Program, Bøverbru skole, Toten

Bøverbru skole har eit opplegg med skulebesteforeldre. Eldre i nærområdet kjem til skulen ein dag i veka for å vere saman med elevane. Her leiar dei eldre ulike grupper for barna –blant anna utegruppe, kjøkken, sløyd og handarbeid. Dette fører til betre samhald på tvers av generasjonar og eit betre lokalmiljø. Statsråden møter skulebarn og eldre, får ei orientering om opplegget og får sjå dei ulike aktivitetane.

Adresse: Skolevegen 10, Vestre Toten

Kl. 13.30-14.30
Program, Søre Ål bo- og servicesenter

Statsråden møter bebuarar, tilsette og barn frå Hageahugen barnehage og elevar frå Lillehammer videregående skole som er samla til generasjonssong. Opplegget er ein del av Søre Ål bo- og servicesenter si miljøbehandling der musikk og song vert brukt for å stimulere mellom anna pasientar med demens.

Adresse: Hamarveien 57, Lillehammer

Kl. 14.45-16.00
Program, Sykehuset Innlandet, Lillehammer

14.45-15.05 Statsråden møter leiinga ved sjukehuset på Lillehammer. Møtet er lukka for pressa.

15.05-15.20 Helse- og omsorgsministeren besøkjer avdeling for patologi og blir orientert om patologen si rolle ved undersøking og diagnose av brystkreft. Statsråden får sjå korleis patologane jobbar for å komme fram til ein kreftdiagnose.

15.20-16.00 Høie avsluttar besøkjet på sjukehuset med eit møte med dei tillitsvalde. Møtet er lukka for pressa.

Adresse: Anders Sandvigs gate 17. Patologisk avdeling. På baksida av sjukehuset, inngang nr. 6.

Pressa er velkomen til å delta. Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter