Historisk arkiv

Listhaug studerer matkjeda i Storbritannia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug reiser måndag til London for å lære meir om tilhøva i verdikjeda for mat i Storbritannia, og kva erfaringar dei har gjor i arbeidet med desse spørsmåla. Listhaug skal under opphaldet i London møte Groceries Code Adjudicator Christina Tacon, og tidlegare leiar i det britiske bondelaget Peter Kendall. Han har jobba med verdikjedespørsmål i fleire år.

Etter å ha prøvd ei frivillig ordning, innførte den britiske regjeringa i 2010 ei lov som regulerer tilhøva i verdikjeda for mat. Det er oppnemnd ein voldgiftsmann (Groceries Code Adjudicator), som skal overvake tilhøvet mellom daglegvarehandelen og leverandørane. 

Christina Tacon er den første som er oppnemnd i denne stillinga.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug reiser måndag til London for å lære meir om tilhøva i verdikjeda for mat i Storbritannia. (Foto: Torbjørn Tandberg)