Historisk arkiv

Meir kunnskap om frafall i vidaregaande skule

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Forskarar ved OsloMet har nyleg evaluert " Identifisering, kartlegging og oppfølging"-prosjektet (IKO-prosjektet), ein modell som skal få fleire til å fullføre vidaregåande skule. – Vi treng meir kunnskap om korleis vi skal få fleire elevar til å gjennomføre vidaregående skule. Med dette prosjektet får vi meir kunnskap som skuleeigarar kan bruke vidare, og regjeringen har som ambisjon at 9 av 10 skal fullføre, seier kunnskaps- og interegreringsminister Jan Tore Sanner.

Formålet med modellen er at elevar som er i faresona for å falle frå, raskare skal få den hjelpa dei treng. Modellen rettar seg spesielt mot elevar som ikkje kvalifiserer for spesialundervisning, men som har behov for tettare oppfølging i periodar. Den er prøvd ut på vidaregåande skular i Oppland, Hedmark, Nord-Trøndelag og Aust-Agder, med Akershus fylkeskommune som mentor.

Les hele rapprorten. 

Forskarane sin hovudkonklusjon er at ein førebels ser lite effektar på elevane sine resultat. Likevel har IKO-modellen ført til færre elevar med særleg høgt fråvær, og har verka positivt inn på korleis elevane oppfattar at skulen møter dei. Elevane rapporterer også om betre konsentrasjon, og at dei sjeldnare kjem for seint til timen.

– Dette er interessante funn. Forskarane understrekar at dette er ei tidleg måling, og at det kan ta lengre tid før vi ser den fulle effekten på elevane si fullføring. Vi veit at dette er ei elevgruppe som treng tett oppfølging, og det er særleg positivt å sjå at IKO-modellen fører til færre elevar med særleg høgt fråvær, seier Sanner.

Fleire fullfører vidaregåande skule

IKO-modellen er eitt av fire prosjekt i Program for betre gjennomføring. Bakgrunnen for programmet var at det trass i ei rekkje statlege og lokale tiltak og forsøksordningar dei siste tiåra, er lite kunnskap om kva som er dei mest effektive verkemidla for å få fleire elevar til å fullføre.

– Fleire elevar fullfører no enn før. Det er veldig bra, og det er ekstra positivt at auken har vore særleg sterk blant elevar med lågt utdanna foreldre, elevar med innvandrarforeldre og elevar med låge karakterar frå 10.trinn. Det er likevel for mange elevar som ikkje klarer å fullføre, og derfor treng vi meir kunnskap om kva som er dei mest effektive tiltaka for å lukkast framover, seier Sanner.

  • Program for betre gjennomføring (PBG) blei sett i gong av regjeringa i 2014. Den eine delen av PBG er ei systematisk utprøving av tiltak med mål om å auke fullføringa i vidaregåande opplæring.
  • Bakgrunnen for programmet var at det er lite kunnskap om kva som er dei mest effektive verkemidla for å auke fullføringa. Forskarar har identifisert rundt 300 lokalt initierte tiltak for å auke fullføringa i fylkeskommunane mellom 2003 og 2017, men tiltaka har i liten grad vore designa og evaluert slik at dei gir sikker kunnskap om dei har verka eller ikkje.
  • Utprøvingane i Program for betre gjennomføring omfattar til saman 13 fylkeskommunar (før regionreforma). Alle tiltaka blir effektevaluerte av forskarar. Evalueringane skal både gi svar på om tiltaka har verka og kvifor dei har verka (eller ikkje verka). Alle dei fire prosjekta er lagde opp skrittvis, der forskarar og skuleeigarar/skular i samarbeid har utvikla modellar før dei har prøvt dei ut systematisk på eit utval skular.
  • Sluttrapportene frå dei tre andre prosjekta kjem etter planene i slutten av 2019 og byrjinga av 2020.
  • Målet er å kome fram til lokalt forankra tiltak som kan spreiast til andre skular og fylkeskommunar dersom dei er vellukka. Prosjekta er organiserte som randomiserte forsøk der deltakarane har blitt tilfeldig fordelte til eksperiment- og kontrollgrupper. Desse designa gir sikrare kunnskap om årsakssamenshengar.
  • Utprøvingane har kosta til saman rundt 120 millionar kronar fordelte på 3,5 år. Summen dekkjer både tilskot til fylka for å utarbeide og gjennomføre tiltaka, og midlar til forskarane for å evaluere dei.

  • Tidleg innsats gjennom fleire og betre lærarar. Sida 2014 har over 27000 lærarar fått tilbod om vidareutdanning og med lærarnorma er det no fleire lærarar per elev.
  • Innført ei plikt for skulane til å gi intensiv opplæring til elevar på 1.-4. trinn som står i fare for å henge etter i lesing, skriving eller rekning. Gode grunnleggjande dugleikar legg eit viktig grunnlag for vidare skulegang.
  • Elever med svake faglege føresetnader skal få tilbod om forsterka grunnopplæring i vidaregåande. Dei nye regionane skal få utvida og meir heilskapleg ansvar for all unge i alderen 16-24 år. Eksempel på styrkte grunnskuleopplæring for innvandrarungdom er kombinasjonsklasse, i 2019 doblar regjeringa satsinga, frå 35 til 70 millionar kronar. 
  • Oppfølgingstenesta som skal følgje opp ungdomar mellom 16-24 som har rett til opplæring, men som ikkje er i opplæring eller arbeid er noko vi vil sjå på.
  • Fleire læreplassar. Regjeringa jobbar kontinuerleg saman med partane i arbeidslivet for å auke tal lærlingar. I 2018 blei det sat ny rekord i tal læreplassar. Regjeringa har styrkt yrkesfaga med over 600 millionar kronar sidan 2013.
  • Lied-utvalget vil sjå nærmare på om dagens system og strukturar varetek elevar som stryk i eitt eller noko få fag godt nok.
  • Auka satsinga på Helsestasjons- og skulehelsetenesta med over 1,3 milliardar kronar mellom 2014 og 2019. (877, 4 millionar i kommuneramma og 430,4 millionar i øyremerkte tilskot).
  • Fjerna eigendel for pasientar i barne- og ungdomspsykiatrien. Sidan 80-talet har fritaksgrensa for eigendelar ved ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP) og psykiatriske ungdomsteam (PUT) vore 18 år. Frå 1. januar, 2019 er fritaksgrensa hevd til 23 år for pasientar ved BUP og 30 år for pasientar ved PUT
  • Nytt lovkrav psykologkompetanse. Frå 1. januar må alle kommunar ha psykologkompetanse. Regjeringa aukar løyvinga til rekruttering av psykologar i kommunane med 50 millionar kronar i 2019-budsjettet. Samla løyving er no 205 millionar kronar.
  • Ny opptrappingsplan for barn og unge si psykiske helse blir lagt fram i 2019.
  • Tidleg innsats. Regjeringa har satsa på tidleg innsats sidan 2015, og til hausten 2019 leggje fram ei ny stortingsmelding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap. Satsinga understrekar behovet for å setje inn tiltak umiddelbart når elevar slit gjennom heile utdanningsløpet.