Ny politisk rådgivar for fiskeriministeren

Kathrine Pernille Olsen overtar for Victoria Braathen som politisk rådgivar for fiskeriministeren frå måndag 18. august.

Kathrine Pernille Olsen overtar for Victoria Braathen som politisk rådgivar for fiskeriministeren frå måndag 18. august.
 
Kathrine Pernille Olsen er 33 år, frå Gravdal i Lofoten og kjem frå stillinga som kommunikasjonsrådgivar i Høgres stortingsgruppe. Olsen er utdanna siviløkonom frå Handelshøgskolen i Bodø, med spesialisering innan innovasjon, entreprenørskap og forretningsutvikling. Ho har også vore leiar i Nordland Unge Høgre og har erfaring frå det private næringslivet.