Historisk arkiv

Veka som var - veke 46

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Europaportalen

Eit uhøgtideleg skråblikk på veka som var, sett frå Brussel

Prydbartar, ein hund som kan hypnotisere og tigerpanikk i Frankrike er noko av det som skapte overskrifter i veka som var.

Prydbartar, ein hund som kan hypnotisere og tigerpanikk i Frankrike er noko av det som skapte  overskrifter i veka som var.

Bartemånaden november er over oss og det spirar og gror på overlepper i heile verda. Dei dunete overleppene har likevel lite å stille opp med mot Europas barte-elite som denne veka møttest for å avgjere kven som har den flottaste mustasjen på kontinentet. Mange av mennene brukar lang tid framfor speilet, med både krølltang og hårprodukt for å få barten til å stråle. Barte-EM kan kanskje vere inspirasjon for eit movember-meisterskap i slutten av månaden?

Veka er sjeldan komplett utan ei god dyresak. Mange hundeeigarar hevdar at hundar har evner langt utover det dei vanlegvis blir kreditert for. Slik er det også med eigaren av den svarte spitzen Princess, Krystyna Lennon. Ho meiner nemleg at Princess kan hypnotisere mennesker! Saman med hunden reiser Lennon rundt på engelske universitet på hypnotiseringsturné. Eit av triksa Princess kan er å få folk til å sovne. Mange er skeptiske og hevdar det eigentleg er Lennon sjølv som utfører hypnotiseringa, men det avviser ho på det sterkaste. Uansett kan du sjå hypnosehunden sitt show her.

Nokre vil kanskje seie at både flotte bartar og hypnose er ein kunst, men ein ting du kanskje aldri hadde gjetta var kunst var å finne nåla i høystakken. I årevis har myten om kor vanskeleg det er å finne den legendariske nåla vandra frå den eine til den andre. No har ein italiensk performancekunstnar bestemt seg for gå laus på utfordringa i eit museum i Paris. Også tidlegare har kunstnaren Sven Sachsalber utført spennande kunst, mellom anna då han var han på rommet sitt i 24 timar med ei ku.

Frå eit uttrykk til eit anna. Lovens lange arm har blitt beteikna som ustoppeleg, men det var før rottene bestemte seg for å lage kluss. Lagmannsretten i Roma har nemleg måtte utsetje fleire sesjonar i retten fordi rotter har busett seg i bygget, noko som har ført til forureina vatn og øydelagt air-condition. Men rottene må passe seg, for no er domstolen i gang med ein massiv operasjon for å kvitte seg med gnagarane.

Paris har hatt tiger-angst etter at uklare bilete av en tigerliknande skapning utanfor Paris blei slått opp førre veke. I to dagar leita politi, brannmenn og soldatar etter «tigeren» før det fredag viste det seg at det slett ikkje var ein tiger, men ein villkatt. Likevel kan ikkje det nasjonale jaktkontoret i Frankrike stadfeste akkurat kva rase det skal vere snakk om.  No blir det spekulert i om det kan vere ei gaupe.

Måndag er for mange ein av dei litt kjipare dagane i veka, og om du skulle vere litt nedfor kan hip-hop vere svaret. Musikksjangeren får nemleg uventa draghjelp frå forskarar ved Cambridge i Storbritannia. Dei meiner at hip-hop formidlar optimisme i tekstane sine om fine bilar og flotte damer, som også kan smitte over på ditt humør. Notorious B.I.G  og Grandmaster Flash  er dei to artistane som skal ha mest positiv effekt på humøret. Men ver observant, forskarane har nemleg også funne mange av nøkkelfaktorane til mental sjukdom i tekstane.  

God veke!