Historisk arkiv

Arbeid, deltaking og helse blant tema på Dialogkonferansen 2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

200 deltakarar frå heile landet er inviterte til regjeringas nasjonale Dialogkonferanse 20. oktober. Målet med konferansen er ein styrkt dialog mellom innvandrarar og styresmakter.

Dette er andre året på rad at regjeringa arrangerer ei nasjonal dialogkonferanse. I år skal det vere åtte ulike parallellsesjonar der ulike tema skal diskuterast, og deltakarane kan gi innspel direkte til ansvarlege statsrådar og statssekretærar.

Seks statsrådar deltek

I tillegg til statsminister Erna Solberg (H), som skal opne konferansen, deltek barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP), kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H), justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (FrP), kulturminister Thorhild Widvey (H), næringsminister Monica Mæland (H) og arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (FrP). Også kunnskapsdepartementet og helse- og omsorgsdepartementet er representert ved statssekretærane Birgitte Jordahl og Lisbeth Normann. Tema for dei parallelle sesjonane er:

  • Arbeid
  • Trygt samfunn
  • Oppvekst og barnevern
  • Kultur, frivilligheit og deltaking
  • Entreprenørskap
  • Bustad, nærmiljø, og deltaking
  • Barnehage, skule og livslang læring
  • Helse og livskvalitet

Panelsamtale

Under konferansen skal det også vere ein panelsamtale med temaet "deltaking og engasjement". Deltakarane her er journalist i TV2, Kadafi Zaman, jusstudent og bloggar, Fatima Almanea, lege og rådsmedlem i LIM, Tina Shagufta Kornmo og Saad Yusuf Hashi som har etablert Atlas kompetanse. Selda Ekiz, kjent som programleiar i NRK, er konferansier. For dei som ikkje deltek på konferansen, kan panelsamtalen følgast direkte på regjeringa.no. 

Sjekk Dialogkonferansens eigne nettsider for meir informasjon.

 

Statsminister Erna Solberg opna Dialogkonferansen 2014
Statsminister Erna Solberg opna Dialogkonferansen 2014 Foto: Monica Strømdahl