Årets busettingspris til Drammen

Statssekretær Kai-Morten Terning delte i dag ut årets Busettingspris til Drammen kommune. Dei får prisen for å ha vist ei eineståande vilje og evne til å prioritere arbeidet med busetting av flyktningar gjennom fleire år.

- Drammen kommune har busett mange flyktningar i ei årrekkje, og deira arbeid med integrering og mangfald er til etterfølging. Eg håper denne prisen vil inspirere til vidare godt arbeid med busetting og integrering også i andre kommunar, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

Juryens grunngjeving

I følgje juryen har Drammen kommune jobba strukturert og resultatorientert med sitt integrerings- og mangfaldsarbeid over mange år. Busettings- og integreringsarbeidet er godt forankra i politisk og administrativ leiing, og særleg har kommunen vist ei tydeleg vilje og evne til å prioritere å skaffe bustadar til flyktningar. Til dømes får personar som har budd i kommunale bustadar i fleire år hjelp til å kjøpe eigen bustad gjennom utviklingsprogrammet ”Fra leie til eie”.

Drammen kommune har jobba systematisk med å etablere samarbeidsrutinar på tvers av kommunale verksemder og NAV, noko som har styrka kvalifiseringsarbeidet i kommunen. Juryen trekker også fram at Drammen arbeider for å auke samfunnsengasjement og valdeltaking blant innvandrarar, og at kommunen har som mål å vere ein nasjonal føregangskommune for dialog mellom ulike religionar og livssyn.

Ser moglegheitene

- Det er eit tap både for samfunnet og den enkelte at det sit tusenvis av menneske med lovleg opphald i norske mottak og ikkje får kome i gang med livet sitt og ta i bruk ressursane sine. Eg er glad for at mange kommunar ser moglegheitene ved å ta i mot og inkludere flyktningar slik Drammen har gjort, seier statsråd Horne.

Prisutdeling i Tromsø

Prisen vart delt ut under landskonferansen til Fagleg forum for kommunalt flyktningarbeid i Tromsø. Andre nominerte kommunar til årets pris var Arendal, Bodø, Larvik, Sandnes og Trondheim. IMDis Busettingspris blir årleg delt ut til ein kommune som gjer eit spesielt godt arbeid med busetting og integrering av flyktningar. Les meir om prisen på IMDi sine sider.