Historisk arkiv

Presseinformasjon

Aspaker til Brussel 24.-25. mai

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Onsdag 25. mai er EØS/EU-minister Elisabeth Aspaker i Brussel, for å delta på det halvårlege møtet i EØS-rådet, det øvste politiske organet i EØS, og i den politiske dialogen med EU.

Besøket i Brussel startar tysdag kveld, då Aspaker har ein arbeidsmiddag med sine to kollegar frå Island og Liechtenstein. EØS-rådet møtes onsdag kl. 10. Frå EU-sida deltar formannskapslandet Nederland med utanriksminister Bert Koenders, og representantar for utanrikstenesta i EU, EEAS. Tema er betre regulering i EU. Deretter blir det lunsj med politisk dialog mellom anna om migrasjon, Russland/Ukraina, EU sin globale strategi og Arktis-meldinga.  

EØS/EU-ministeren er tilgjengeleg for pressa kl. 13, i rådsbygninga Justus Lipsius.  

Kl. 15 held Aspaker tale ved lanseringa av EØS-midlane for 2014-2021, eit arrangement for representantar frå mottakarlanda og EU-institusjonane i Brussel. Island og Liechtenstein er også representert på politisk nivå. Stad: Norges Hus.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.