Presseinformasjon

Aspaker besøker Malta 6. juni

EØS/EU-minister Elisabeth Aspaker besøker mandag Malta for å ha møter på politisk nivå. Malta har formannskapen i EU første halvår i 2017, og besøket er eit ledd i den aktive oppfølginga av regjeringa sin europapolitikk.

Mandagens program startar med eit møte med vise-statsminister og EU-minister Louis Grech. Aspaker møter også utanriksminister George W. Vella, og har ein arbeidslunsj med parlamentarisk sekretær med ansvar for den maltesiske EU-formannskapen, Ian Borg.

Tema for samtalane vil vere det komande formannskapsprogrammet, norsk-maltesisk samarbeid og EØS-midlane for perioden 2014-21. Det vil også vere naturleg å diskutere aktuelle europapolitiske utfordringar som migrasjon og forholdet til EU sine naboland i sør og aust.

På ettermiddagen besøker EØS/EU-ministeren det norske skipet «Siem Pilot», som legg til kai i Valletta same dag. Ho vil også besøke det norske reiarlaget Wilhelmsen. På kvelden møter Aspaker representantar for UNHCR, SOS Malta, Aditus Foundation og EASO.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.