Utanriksministeren til New York 17.- 19. desember

Priv. til red.

Utanriksminister Børge Brende reiser til New York 17. desember for å ha møter med ulike FN-organisasjonar, og sentrale personar i FN-miljøet. Målet med besøket er å presentere regjeringas FN-politikk og prioriteringar og bli oppdatert på aktuelle FN-saker.

Brende vil diskutere arbeidet med nye globale utviklingsmål, koplinga mellom utvikling, fred og tryggleik og menneskerettar, samt korleis FN kan bli meir effektiv. I tillegg står aktuelle sikkerheitspolitiske situasjonar som Syria, Midtøsten, Mali og Den sentralafrikanske republikk på dagsorden.

Han skal m.a. møte FNs generalsekretær Ban Ki-moon, visegeneralsekretær Jan Eliasson, generalsekretærens spesialrådgjevar for utviklingsplanlegging etter 2015, leiaren for FNs fredsbevarande operasjonar, spesialrådgjevaren for Myanmar, leiaren for FNs befolkningsfond og leiaren for FNs næringslivsinitiativ Global Compact. 

I tillegg skal utanriksminister Brende møte tidlegare amerikansk utanriksminister Henry Kissinger og utviklingsøkonomen professor Jeffrey Sachs, og han skal ha arbeidslunsj med representantar for norsk næringsliv. 

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef (utvikling) Astrid Versto, mobil 901 92 920.
Presseråd ved FN-delegasjonen i New York, Marte Lerberg Kopstad, mobil +1 646 642 9910