Dei nye satsane ved produksjonssvikt i jordbruket er klare

I august varsla regjeringa at ho vil foreslå at nye satsar ved produksjonssvikt i jordbruket skal tas i bruk allereie frå produksjonssesongen 2023. Dei nye satsane er no ferdigberekna av Landbruksdirektoratet.

Tilskot ved produksjonssvikt er ei ordning i jordbruksavtalen. Føremålet med ordninga er å redusere økonomiske tap som skuldast klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot. I jordbruksoppgjeret i år vart partane einige om å innføre nye satsar frå 2024. For å hjelpe bønder som no står i ein vanskeleg situasjon, vil regjeringa føreslå for Stortinget å innføre dei nye satsane allereie frå produksjonssesongen 2023. Regjeringa vil også føreslå å heve taket for tilskot per vekstgruppe. For grovfôr og korn og anna frø til modning vert det føreslått eit tak på 900 000 kroner per vekstgruppe, mens det for frukt, bær, grønsaker og poteter vert føreslått eit tak på 1 800 000 kroner per vekstgruppe.

Landbruksdirektoratet har no ferdigberekna dei nye satsane som i utgangspunktet skulle gjelde frå 2024. Sjå satsane nedst i saken. Berekninga er gjort i tråd med metoden partane ble einige om i årets jordbruksoppgjer. Mellom anna er prisar frå 2022 tatt inn.

Det er Stortinget som løyver midlar til desse satsane og taka. Satsane blir fastsett i forskrift etter handsaminga i Stortinget.

Vekstgruppe: Korn og annet frø til modning

Vekst

Sats, kr pr. kg

Hvete

4,25

Rug/rughvete

3,85

Bygg

3,60

Havre

3,65

Oljefrø

7,25

Erter til modning og konserveserter

5,10

Bønner til konserves (høstet før modning)

4,70

Raigras

19,10

Timotei og engsvingel

40,10

Rødsvingel, engrapp, kløver mfl.

93,30

   

Vekstgruppe: Grovfôr

Vekst

Sats

Grovfôr salgsproduksjon, pr. kg

3,05

Grovfôr i foretak med husdyr, pr. FEm

4,75

   

Vekstgruppe: Potet

Vekst

Sats, kr pr. kg

Potet til konsum

4,30

Potet til industri

3,30

Spesialpotet

7,00

   

Vekstgruppe: Grønnsaker

Vekst

Sats, kr pr. kg

Kålrot

9,10

Hodekål til konsum

7,60

Hodekål til industri

2,90

Blomkål til konsum

16,10

Blomkål til industri

8,00

Brokkoli

26,50

Rosenkål til konsum

44,40

Rosenkål til industri

12,40

Kinakål

14,40

Rødbeter til konsum

13,80

Rødbeter til industri

3,00

Knollselleri til konsum

18,70

Knollselleri til industri

5,90

Purre til konsum

19,80

Purre til industri

11,00

Løk

6,80

Sylteagurk

8,20

Gulrot til konsum

5,60

Gulrot til industri

2,00

Salat på friland til konsum

47,80

Salat på friland til industri

22,30

Isbergsalat til konsum

22,40

Isbergsalat til industri

14,20

   

Vekstgruppe: Frukt

Vekst

Sats, kr pr. kg

Epler

21,50

Epler til press

10,50

Pærer

19,90

Plommer

32,60

Moreller

70,00

Kirsebær

11,70

   

Vekstgruppe: Bær

Vekst

Sats, kr pr. kg

Jordbær til konsum

71,20

Bringebær til konsum

102,70

Jordbær og bringebær til industri

31,80

Solbær til industri

11,70

Hageblåbær/kostbare bær til konsum

108,60

   

Honningproduksjon

 

Sats, kr pr. kg

Honning

150,15