Historisk arkiv

Deltakarforskrifta for 2018

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Departementet har i dag fastsett deltakarforskrifta for 2018.

Både departementet og Fiskeridirektoratet har i haust gjennomført skriftlege høyringar av enkelte forslag til endringar i forskrifta. Departementet har på bakgrunn av høyringsrundane fatta følgjande avgjerder om deltakarforskrifta for 2018:

  • Ein innfører krav om at fartøyeigar må stå om bord i fartøyet som høvedsmann under utøving av fiske i open gruppe i alle fiskeria i deltakarforskrifta, unnateke rekefisket ved Grønland. Det vil kunne dispenserast frå dette kravet dersom fartøyeigar har tillitsverv i fiskeriorganisasjonar eller offentlege verv, og ved sjukdom.
  • Ein innfører ikkje krav om at ein enkeltperson må vere majoritetseigar i fartøy som deltek i open gruppe, men gjeldande regel om kva eigarkonstellasjonar som ikkje kan delta med meir enn eitt fartøy i open gruppe blir stramma noko inn.
  • Ein opnar for ein avgrensa bruk av leigefartøy i open gruppe ved havari/forlis sjølv om fartøyet ikkje har høve til å delta i lukka gruppe i eit anna fiskeri. Departementet vil tidleg på nyåret oppdatere leigefartøyinstruksen med nærmare retningslinjer for bruk av leigefartøy i open gruppe.
  • Ein innfører ikkje karantenetid i landsdelsbindinga som gjeld i enkelte torskefiskeri, ved sal frå Sør-Noreg til Nord-Troms eller Finnmark og deretter sal frå Nord-Troms eller Finnmark til resten av Troms eller Nordland.
  • Ein opprettar ei open gruppe i fisket etter reker ved Grønland for alle fartøy med reketrålløyve for Barentshavet. Departementet tek sikte på å evaluere ordninga med open gruppe i dette fisket etter tre år.

Departementet vil tidleg på nyåret ta stilling til deltakarreguleringa i fisket etter leppefisk i 2018. Departementet kjem tilbake til spørsmålet om endringar i lasteromavgrensinga for kystfiskeflåten. Begge desse sakene har vore på høyring hausten 2017.

Forskrift om adgang til å delta i kystfartøygruppens fiske og enkelte andre fiskerier for 2018 (deltakerforskriften)