1,6 milliardar kroner meir i frie inntekter til Akershus neste år

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Akershus og Akershus fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2015 til 2016. Veksten er rekna frå overslag på rekneskap for 2015.

Kommune Overslag 
på frie inntekter 2016 
(1 000 kr)
Vekst frå overslag på rekneskap 2015-2016 Vedlike- haldspakke 
(1 000 kr)
   Nominelle
kroner
(1000 kr)
Prosent  
  1 2 3 4
          
0211 Vestby 803 566 35 273 4,6 1 585
0213 Ski 1 507 067 77 431 5,4 2 896
0214 Ås 902 964 47 488 5,6 1 804
0215 Frogn 776 317 27 357 3,7 1 507
0216 Nesodden 892 703 36 002 4,2 1 783
0217 Oppegård 1 390 339 65 318 4,9 2 576
0219 Bærum 6 956 422 314 828 4,7 11 737
0220 Asker 3 316 576 158 589 5,0 5 769
0221 Aurskog-Høland 771 520 37 069 5,0 1 524
0226 Sørum 878 416 43 352 5,2 1 657
0227 Fet 541 650 27 171 5,3 1 089
0228 Rælingen 831 643 48 076 6,1 1 676
0229 Enebakk 527 288 21 187 4,2 1 039
0230 Lørenskog 1 698 772 88 748 5,5 3 442
0231 Skedsmo 2 534 239 117 546 4,9 5 025
0233 Nittedal 1 148 222 57 119 5,2 2 200
0234 Gjerdrum 325 123 13 150 4,2 614
0235 Ullensaker 1 645 683 67 709 4,3 3 249
0236 Nes 979 662 37 870 4,0 1 987
0237 Eidsvoll 1 163 758 58 530 5,3 2 262
0238 Nannestad 583 764 27 096 4,9 1 164
0239 Hurdal 153 138 6 472 4,4 271
Fordelast gjennom året 5 000      
Akershus 30 333 832 1 413 380 4,9 56 856
         
Akershus fylkeskommune 5 770 440 209 380 3,8 -

Veksten i kostnadane i kommunesektoren (deflator) i 2016 er anslått til 2,7 prosent. All vekst over 2,7 posent er dermed ein realvekst.

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2016, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2015 til nasjonalbudsjettet 2016 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:
Som ein del av den særskilte tiltakspakka for auka sysselsetting føreslår regjeringa eit eingongstilskot til kommunane på 500 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av skular og omsorgsbygg. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt etter innbyggjartal per 1. juli 2015. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.