433 millionar kroner meir i frie inntekter til Troms neste år

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Troms og Troms fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2015 til 2016. Veksten er rekna frå overslag på rekneskap for 2015.

Kommune Overslag 
på frie inntekter 2016 
(1 000 kr)
Vekst frå overslag på rekneskap 2015-2016 Vedlike- haldspakke 
(1 000 kr)
   Nominelle
kroner
(1000 kr)
Prosent  
  1 2 3 4
         
1902 Tromsø 3 559 005 157 414 4,6 7 037
1903 Harstad 1 284 364 61 827 5,1 2 379
1911 Kvæfjord 197 330 5 197 2,7 290
1913 Skånland 192 248 6 860 3,7 287
1917 Ibestad 103 839 2 173 2,1 137
1919 Gratangen 86 226 2 062 2,5 109
1920 Lavangen 81 108 3 655 4,7 100
1922 Bardu 228 958 7 371 3,3 385
1923 Salangen 138 936 3 919 2,9 217
1924 Målselv 368 001 12 260 3,4 645
1925 Sørreisa 196 966 5 866 3,1 333
1926 Dyrøy 89 615 2 121 2,4 111
1927 Tranøy 117 031 5 133 4,6 149
1928 Torsken 75 952 1 470 2 86
1929 Berg 66 274 2 639 4,1 86
1931 Lenvik 670 842 19 662 3 1 118
1933 Balsfjord 338 060 16 003 5 550
1936 Karlsøy 160 741 4 444 2,8 218
1938 Lyngen 212 127 5 131 2,5 280
1939 Storfjord 135 912 4 717 3,6 182
1940 Kåfjord 150 194 3 721 2,5 211
1941 Skjervøy 187 587 4 777 2,6 280
1942 Nordreisa 286 772 13 420 4,9 472
1943 Kvænangen 105 576 2 016 1,9 119
Fordelast gjennom året 12 000      
Troms 9 045 663 353 859 4,1 15 781
         
Troms fylkeskommune 2 942 357 78 827 2,8 -

Veksten i kostnadane i kommunesektoren (deflator) i 2016 er anslått til 2,7 prosent. All vekst over 2,7 posent er dermed ein realvekst.

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2016, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2015 til nasjonalbudsjettet 2016 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:
Som ein del av den særskilte tiltakspakka for auka sysselsetting føreslår regjeringa eit eingongstilskot til kommunane på 500 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av skular og omsorgsbygg. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt etter innbyggjartal per 1. juli 2015. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.