183 millionar kroner meir i frie inntekter til Aust-Agder neste år

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 3,8 milliardar kroner i 2018. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Aust-Agder og Aust-Agder fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2017 til 2018. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2017. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2017 på 4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2018. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2017 til 2018 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2018 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

KommuneAnslag 
på frie inntekter 2018 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2017-2018
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0901 Risør 386 144 10 298 2,7
0904 Grimstad 1 191 305 30 810 2,7
0906 Arendal 2 310 952 54 873 2,4
0911 Gjerstad 154 789 2 856 1,9
0912 Vegårshei 137 612 1 981 1,5
0914 Tvedestrand 350 555 9 273 2,7
0919 Froland 312 932 5 438 1,8
0926 Lillesand 401 556 13 727 3,5
0928 Birkenes 291 000 5 721 2,0
0929 Åmli 137 900 4 127 3,1
0935 Iveland 91 457 1 201 1,3
0937 Evje og Hornnes 212 819 7 759 3,8
0938 Bygland 90 816 926 1,0
0940 Valle 87 883 1 161 1,3
0941 Bykle 81 442 978 1,2
Fordelast gjennom året 5 950    
Aust-Agder 6 245 112 150 279 2,5
       
Aust-Agder fylkeskommune 1 540 820 33 051 2,2

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2018, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2017 til nasjonalbudsjettet 2018, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.