417 millionar kroner meir i frie inntekter til Østfold neste år

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 3,8 milliardar kroner i 2018. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Østfold og Østfold fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2017 til 2018. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2017. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2017 på 4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2018. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2017 til 2018 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2018 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

KommuneAnslag 
på frie inntekter 2018 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2017-2018
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0101 Halden 1 626 418 31 024 1,9
0104 Moss 1 701 037 55 539 3,4
0105 Sarpsborg 2 933 307 66 775 2,3
0106 Fredrikstad 4 115 558 109 245 2,7
0111 Hvaler 236 515 5 083 2,2
0118 Aremark 95 471 1 424 1,5
0119 Marker 206 891 3 402 1,7
0121 Rømskog 56 971 1 120 2,0
0122 Trøgstad 304 043 4 768 1,6
0123 Spydeberg 203 709 7 471 3,8
0124 Askim 839 144 20 265 2,5
0125 Eidsberg 623 578 10 205 1,7
0127 Skiptvet 212 498 5 195 2,5
0128 Rakkestad 468 961 9 911 2,2
0135 Råde 389 437 12 968 3,4
0136 Rygge 805 060 20 838 2,7
0137 Våler 278 241 5 479 2,0
0138 Hobøl 197 847 4 323 2,2
Fordelast gjennom året 7 500    
Østfold 15 302 184 373 636 2,5
       
Østfold fylkeskommune 3 080 393 43 211 1,4

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2018, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2017 til nasjonalbudsjettet 2018, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.