Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

315 millionar kroner meir i frie inntekter til Telemark neste år

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner i 2019. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Telemark og Telemark fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2018 til 2019. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2018. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2018 på 2,4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2019. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2018 til 2019 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2019 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2019 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2018-2019
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0805 Porsgrunn 1 916 411 61 815 3,3
0806 Skien 2 926 010 90 351 3,2
0807 Notodden 732 666 15 307 2,1
0811 Siljan 140 392 2 866 2,1
0814 Bamble 758 358 29 730 4,1
0815 Kragerø 597 207 12 286 2,1
0817 Drangedal 261 587 5 207 2,0
0819 Nome 385 605 7 847 2,1
0821 Bø 363 948 9 004 2,5
0822 Sauherad 252 050 5 142 2,1
0826 Tinn 370 377 6 772 1,9
0827 Hjartdal 113 901 2 783 2,5
0828 Seljord 190 272 4 465 2,4
0829 Kviteseid 158 134 3 324 2,1
0830 Nissedal 109 909 4 367 4,1
0831 Fyresdal 99 793 1 862 1,9
0833 Tokke 154 218 9 841 6,8
0834 Vinje 247 516 5 384 2,2
Fordeastt gjennom året 10 650    
Telemark 9 789 006 275 204 2,9
       
Telemark fylkeskommune 2 146 405 39 326 1,9

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2019, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2018 til nasjonalbudsjettet 2019, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Til toppen