Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

999 millionar kroner meir i frie inntekter til Hordaland neste år

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner i 2019. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2018 til 2019. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2018. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2018 på 2,4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2019. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2018 til 2019 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2019 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2019 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2018-2019
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1201 Bergen 15 047 424 426 820 2,9
1211 Etne 255 154 9 214 3,7
1216 Sveio 343 200 8 317 2,5
1219 Bømlo 693 170 19 184 2,8
1221 Stord 1 012 106 30 755 3,1
1222 Fitjar 195 511 3 354 1,7
1223 Tysnes 194 179 7 137 3,8
1224 Kvinnherad 774 283 28 515 3,8
1227 Jondal 87 621 1 516 1,8
1228 Odda 419 002 9 418 2,3
1231 Ullensvang 233 814 6 786 3,0
1232 Eidfjord 78 356 3 996 5,4
1233 Ulvik 89 168 1 839 2,1
1234 Granvin 71 035 991 1,4
1235 Voss 856 016 17 599 2,1
1238 Kvam 524 249 16 100 3,2
1241 Fusa 249 848 4 540 1,9
1242 Samnanger 154 989 2 813 1,8
1243 Os 889 629 44 694 5,3
1244 Austevoll 355 137 7 562 2,2
1245 Sund 407 464 11 486 2,9
1246 Fjell 1 358 246 55 169 4,2
1247 Askøy 1 596 144 42 856 2,8
1251 Vaksdal 268 635 9 946 3,8
1252 Modalen 46 166 1 401 3,1
1253 Osterøy 440 692 9 323 2,2
1256 Meland 458 829 17 384 3,9
1259 Øygarden 287 375 9 391 3,4
1260 Radøy 301 423 9 396 3,2
1263 Lindås 868 554 24 913 3,0
1264 Austrheim 180 847 4 760 2,7
1265 Fedje 57 749 1 121 2,0
1266 Masfjorden 131 720 3 921 3,1
Fordelast gjennom året 27 600    
Hordaland 28 955 333 848 816 3,0
       
Hordaland fylkeskommune 6 631 559 149 969 2,3

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2019, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2018 til nasjonalbudsjettet 2019, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

 

Til toppen