Historisk arkiv

657 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestfold og Telemark neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 1,3 milliardar kroner i 2020. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vestfold og Telemark og Vestfold og Telemark fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2019 til 2020. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2019. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2019 på 4,9 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2020. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2019 til 2020 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2020 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2020 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2019-2020
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
3801 Horten 1 532 549 27 049 1,8
3802 Holmestrand 1 391 398 31 225 2,3
3803 Tønsberg 3 131 130 58 748 1,9
3804 Sandefjord 3 553 990 86 578 2,5
3805 Larvik 2 715 675 80 538 3,1
3806 Porsgrunn 2 024 889 52 318 2,7
3807 Skien 3 066 388 77 172 2,6
3808 Notodden 781 659 10 088 1,3
3811 Færder 1 581 107 47 044 3,1
3812 Siljan 144 038 1 722 1,2
3813 Bamble 792 028 16 778 2,2
3814 Kragerø 616 222 10 155 1,7
3815 Drangedal 270 656 4 392 1,6
3816 Nome 400 467 9 276 2,4
3817 Midt-Telemark 623 032 14 822 2,4
3818 Tinn 379 638 4 111 1,1
3819 Hjartdal 120 324 4 014 3,5
3820 Seljord 197 568 4 744 2,5
3821 Kviteseid 164 624 3 511 2,2
3822 Nissedal 116 651 5 420 4,9
3823 Fyresdal 101 417 1 013 1,0
3824 Tokke 160 909 4 241 2,7
3825 Vinje 259 679 7 016 2,8
Til fordeling gjennom året 21 000    
Vestfold og Telemark 24 147 038 561 175 2,4
       
Vestfold og Telemark fylkeskommune 5 107 295 95 459 1,9

Fyrste kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2020, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2019 til nasjonalbudsjettet 2020, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.