Historisk arkiv

702 millionar kroner meir i frie inntekter til Rogaland neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 1,3 milliardar kroner i 2020. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Rogaland og Rogaland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2019 til 2020. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2019. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2019 på 4,9 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2020. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2019 til 2020 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2020 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2020 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2019-2020
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1101 Eigersund 845 927 18 289 2,2
1103 Stavanger 8 298 773 153 213 1,9
1106 Haugesund 2 097 776 35 078 1,7
1108 Sandnes 4 427 855 83 746 1,9
1111 Sokndal 222 076 4 732 2,2
1112 Lund 206 622 5 910 2,9
1114 Bjerkreim 179 358 1 512 0,9
1119 Hå 1 054 743 23 783 2,3
1120 Klepp 1 084 623 29 404 2,8
1121 Time 1 054 007 18 500 1,8
1122 Gjesdal 678 717 18 345 2,8
1124 Sola 1 582 067 53 779 3,5
1127 Randaberg 637 358 11 655 1,9
1130 Strand 746 078 12 667 1,7
1133 Hjelmeland 194 920 8 491 4,6
1134 Suldal 273 424 3 217 1,2
1135 Sauda 305 417 10 647 3,6
1144 Kvitsøy 49 009 138 0,3
1145 Bokn 70 389 1 044 1,5
1146 Tysvær 664 904 19 874 3,1
1149 Karmøy 2 351 960 52 266 2,3
1151 Utsira 33 877 666 2,0
1160 Vindafjord 543 813 7 704 1,4
Til fordeling gjennom året 19 400    
Rogaland 27 623 093 576 861 2,1
       
Rogaland fylkeskommune 5 964 417 124 758 2,1

Fyrste kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2020, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2019 til nasjonalbudsjettet 2020, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.