Historisk arkiv

Det ligg godt til rette for produksjon av biogass i Rogaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Ressursgrunnlaget i Rogaland for produksjon av biogass er svært godt. Truleg finn vi dei største ressursane i husdyrgjødsla, men saman med matavfall, slakteavfall og anna organisk næringsavfall er det berekna potensialet for produksjon av biogass i Rogaland om lag 0,6 TWh.

Det er naturleg å sjå til region Jæren. På Jæren ligg både gardsbruka og gassrøyra rimeleg tett, noko som gir eit godt utgangspunkt for å transportere rågass i staden for husdyrgjødsel, gjennom etablerte gassrøyrleidningar. Dette kan vere leidningsnett som i dag nyttast som rågassnett for transport av deponigass, og Lyse sitt nett for transport av naturgass frå Nordsjøen.

Fig.: Biogassanlegg Foto: Ill.: Fylkesmannen i Rogaland