Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup besøkjer Agder

Tysdag 12. mars besøkjer digitaliseringsminister Nikolai Astrup Agder, der han mellom anna skal få innspel til regjeringas arbeid med ein nasjonal strategi for kunstig intelligens.

Statsråden starter med eit besøk til Tvedestrand kommune der Astrup skal få ein demonstrasjon av applikasjonen APPetitus, som skal stimulere til matglede, spesielt hos eldre. Etter det går turen til Nkom (Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit) i Lillesand, der han skal møte toppleiinga.

Program:

  • 0900-10.00:
    Besøkje Strannasenteret bo og omsorgssenter i Tvedestrand kommune som bruker applikasjonen APPetitus.
     
  • 11.00-1330:
    Møte med toppleiinga i Nkom i Lillesand.
     
  • 13.40-14.15:
    Møte med Lillesand kommune.
     
  • 14.45-16.00:
    Besøkje CAIR (Centre for Artificial Intelligence Research) ved Universitetet i Agder for å få innspel til regjeringas arbeid med ein nasjonal strategi for kunstig intelligens.
     
  • 16.10-1720:
    Besøkje NODE Nettverket og Mechatronics Innovation Lab ved Universitetet i Agder for å få ein demonstrasjon av digitale verktøy for industrien.

Pressekontakt for statsråden:

Politisk rådgjevar Jenny Clemet von Tetzschner, 918 80 164
Kommunikasjonsrådgjevar Heidi Egede-Nissen, 404 37 384

Til toppen