Historisk arkiv

Drift av kystrute Bergen - Kirkenes 2005 - 2012: Samferdselsdepartementet underteiknar avtale med OVDS og TFDS

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Samferdselsdepartementet og dei to reiarlaga OVDS og TFDS har underteikna ein avtale om drift av samanhengjande kystrute på strekninga Bergen – Kirkenes for perioden 2005-2012. (21.12.04)

Pressemelding

Nr.: 160/04
Dato: 21.12.04

Drift av kystrute Bergen – Kirkenes 2005 - 2012: Samferdselsdepartementet underteiknar avtale med OVDS og TFDS

Samferdselsdepartementet og dei to reiarlaga Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab ASA (OVDS) og Troms Fylkes Dampskipsselskap ASA (TFDS) har no underteikna ein avtale om drift av samanhengjande kystrute på strekninga Bergen – Kirkenes.

OVDS og TFDS vart 5. november i år tildelt løyve for drift av heilårlege, daglege seglingar på strekninga Bergen – Kirkenes for perioden 2005-2012. Tildelinga av dette løyvet skjedde etter ein open anbodskonkurranse der det kom inn eitt tilbod, nemleg eit felles tilbod frå dei to selskapa som i dag driv hurtigrutetrafikken på strekninga.

Denne nye Hurtigruteavtalen gjeld for perioden 2005 – 2012 og har ei samla økonomisk ramme på om lag 1,9 milliardar 2005-kroner. Staten skal betale dette beløpet som godtgjersle til OVDS og TFDS, mot at dei to selskapa i fellesskap skal drive kystruta. Avtalebeløpet er i tråd med føresetnader som er lagde fram for Stortinget i samband med vedtatt statsbudsjett for 2005. Dei andre vilkåra i avtalen byggjer på dei vilkåra som låg til grunn for utlysinga av anbodskonkurranse for drift av kystrute og tidlegare handsaming av stortingsmeldinga om transportstandarden og kjøp av transporttenester på kyststrekninga frå Bergen til Kirkenes.


Til redaksjonen
For meir informasjon – sjå:

Til toppen