Tilleggsnummer til Statsbudsjettet 2022:

Eit meir rettferdig skattesystem

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Regjeringa foreslår ein ny kurs i skattepolitikken med omfordeling frå folk med høge inntekter til folk med låge og vanlege inntekter. Høgare personfrådrag og redusert trygdeavgift gjev lågare skatt, mens skatten på aksjeutbyte og trinnskatten på høge inntekter blir auka.

I tråd med Hurdalsplattforma vil regjeringa redusere inntektsskatten for dei med inntekter under 750 000 kroner og auke skatten for andre.

– Det betyr at vanlege folk i heile Noreg skal betale mindre skatt på eiga inntekt, totalt vil 2 av 3 skattytarar få lågare inntektsskatt. Samtidig må dei med den sterkaste ryggen ta litt større ansvar. 1 av 10 må betale meir i inntektsskatt. Vi vil ta vare på eit Noreg der det er små forskjellar mellom rik og fattig og bygd og by, slik at folk kan leve gode liv i heile Noreg, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Personar med middels inntekter får i gjennomsnitt ein skattelette på om lag 1 000 kroner, mens personar med inntekt over 3 millioner kroner i gjennomsnitt må betale om lag 100 000 kroner meir i inntektsskatt. Auka skatt på aksjeutbyte er ein viktig grunn til at dei med høg inntekt får høgare skatt.

Regjeringa foreslår at trygdeavgifta på løn, trygd og næringsinntekt blir redusert med 0,1 prosenteining. Personfrådraget blir auka med 4 250 kroner for alle. Auka reisefrådrag og fagforeiningsfrådrag gjev også lettar for folk med vanlege inntekter.

Dei med høg inntekt får auka trinnskatt ved at satsen blir auka med 0,1 prosenteining for høge inntekter og ved at innslagspunkt blir justert. Andre endringar som styrkjer fordelingsprofilen, er innstramming av frådrag og særordningar som blir nytta mest av høginntektsgrupper.

Les meir i Prop. 1 LS Tillegg 1 (2021–2022) Endring av Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022, kapittel 3.