Historisk arkiv

Endringar blant statssekretærane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Kongen har i statsråd i dag gjeve Roger Ingebrigtsen avskil i nåde frå embetet som statssekretær for statsråd Trond Giske i Nærings- og handelsdepartementet. Samstundes har Statsministerens kontor konstituert prosjektleiar Kristin Maurstad (32), Vågsøy, som statssekretær for statsråd Giske.

Kongen har i statsråd i dag gjeve Roger Ingebrigtsen avskil i nåde frå embetet som statssekretær for statsråd Trond Giske i Nærings- og handelsdepartementet.

Samstundes har Statsministerens kontor konstituert prosjektleiar Kristin Maurstad (32), Vågsøy, som statssekretær for statsråd Giske, i den tida Halvard Ingebrigtsen er vikar for statssekretær Snorre Wikstrøm på Statsministerens kontor.

Regjeringa er utgått frå Arbeidarpartiet (Ap), Sosialistisk Venstreparti (SV) og Senterpartiet (Sp). Lista over statssekretærar ser no slik ut:

For statsminister Jens Stoltenberg (Ap)
Rita Skjærvik (Ap)
Tor Brostigen (SV)
Erik Lahnstein (Sp)
Hans Kristian Amundsen (Ap)
Snorre Wikstrøm (Ap) – permisjon frå 03.09.2012
Inger-Anne Ravlum (Ap)
Halvard Ingebrigtsen (Ap) – konstituert frå 24.09.2012
Mette Nord (Ap)

For miljøvernminister Bård Vegar Solhjell
(SV)
Henriette Westhrin (SV)
Ketil Raknes (SV)

For kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Dag-Henrik Sandbakken (Sp)
Erlend Fuglum (Sp)
Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp)

For utanriksminister Espen Barth Eide (Ap)
Gry Larsen (Ap)
Torgeir Larsen (Ap)

For justis- og beredskapsminister Grete Faremo (Ap)
Astri Aas-Hansen (Ap)
Pål Lønseth (Ap)
Kristin Bergersen (Ap)

For finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap)
Hilde Singsaas (Ap)
Kjetil Lund (Ap)
Roger Schjerva (SV)
Morten Søberg (Sp)

For nærings- og handelsminister Trond Giske (Ap)
Jeanette Iren Moen (Ap)
Halvard Ingebrigtsen (Ap) – permisjon frå 24.09.2012
Kristin Maurstad (Ap) – konstituert frå 07.12. 2012

For forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen
(Ap)
Eirik Øwre Thorshaug (Ap)

For helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre (Ap)
Robin Kåss (Ap)
Kjell Erik Øie (Ap)
Nina Tangnæs Grønvold (Ap)

For kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV)
Elisabet Dahle (SV)
Ragnhild Setsaas (SV)

For arbeidsminister Anniken Huitfeldt (Ap)
Gina Lund (Ap)
Norvald Mo (Ap)

For fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud
(Ap)
Tone-Helen Toften (Ap)
Ragnhild Vassvik Kalstad (Ap)

For fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap)
Kristine Gramstad (Ap)

For samferdselsminister Marit Arnstad (Sp)
Lars Erik Bartnes (Sp)
Geir Pollestad (Sp)

For olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp)
Per Rune Henriksen (Ap)
Ane Hansdatter Kismul (Sp)

For utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås (SV)
Arvinn Gadgil (SV)

For barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen (SV)
Ahmad Ghanizadeh (SV)
Kjetil Andreas Ostling (SV)

For landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp)
Harald Oskar Buttedahl (Sp)

For kulturminister Hadia Tajik (Ap)
Mina Gerhardsen (Ap)
Kjersti Stenseng (Ap)

Til toppen