Historisk arkiv

Endringar i forseinkingsrentelova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Regjeringa legg i dag fram ein proposisjon for Stortinget om endringar i mellom anna forseinkingsrentelova. Proposisjonen foreslår lovendringar til gjennomføring av EØS-direktivet om kamp mot forseinka betaling i handelshøve.

Regjeringa legg i dag fram ein proposisjon for Stortinget om endringar i mellom anna forseinkingsrentelova. Proposisjonen foreslår lovendringar til gjennomføring av EØS-direktivet om kamp mot forseinka betaling i handelshøve.

Direktivet gjeld i avtalar om kjøp av varer og tenester mellom føretak og mellom føretak og offentlege myndigheiter. Forbrukarar er ikkje omfatta av direktivet. Forbrukarar får difor ikkje endra rettsstillinga si som følgje av endringsforslaga, med unnatak av ein generell auke i forseinkingsrentesatsen.

- Ei gjennomføring av direktivet i norsk rett vil styrkje rettsstillinga til fordringshavaren ovanfor offentlege og næringsdrivande skuldnarar. Særleg vil direktivet kunne kome til nytte for verksemder som er avhengig av eksport til EØS-marknaden, seier justis- og beredskapsminister Grete Faremo.

Departementet gjer framlegg om føresegner som har til føremål å korte ned kredittida i avtalar mellom føretak og i avtalar mellom føretak og det offentlege. Føresegnene rør ikkje ved høvet til å avtale betalingsplanar (avdrag).

Departementet føreslår ein auke i forseinkingsrentesatsen med eit prosentpoeng. For forbrukarar kan ein framleis fastsette i forskrift ein lågare sats enn den som føljer av lova, om det er ynskjeleg.

Det blir og gjort framlegg om ein kompensasjon til fordringshavaren til dekning av inndrivingskostnader når det skal betalast forseinkingsrente etter lova. Kompensasjonen vil svare til minst 40 euro.