Historisk arkiv

Enklare å seie sitt om politiske forslag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Nettstaden til regjeringa, regjeringa.no, er kommen i ny og forbetra utgåve. Ei forenkla digital løysing for høyringar gjer det enklare for innbyggjarar og andre å kommentere nye politiske forslag.

Kvart år sender departementa ut cirka 240 framlegg på høyringar og mottek omlag 10 000 svar.

- Digitale høyringar senkar terskelen for å levere høyringssvar. Den nye løysinga kan gi fleire høve til å kommentere politiske framlegg og utgreiingar. Dette vil styrkje demokrati og deltaking, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Den nye høyringsløysinga inneber at høyringsinstansane kan levere høyringssvar på regjeringa.no. Det blir også enklare for andre interesserte å komme med innspel i høyringsrundane.

Den nye løysinga fjernar i tillegg ein tidstyv i departementa . Tidlegare fekk departementa mange innspel per brev . Desse blei elektronisk lesen og publisert i manuelle operasjonar. No er det berre eit museklikk som skal til for å leggje høyringssvara på nett.

Formålet med den nye versjonen av regjeringa.no er meir innbyggjartilpassa innhald, god brukartilpassing og betre løysingar for mobile einingar. Portalen har også nytt forbetra søk. Nettstaden er under kontinuerleg forbeting.

Her kan du si kva du meiner om sidene.