Historisk arkiv

Fangstplanter kan hjelpe mot billetrøbbel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Rapsglansbiller er eit av dei viktigaste skadedya på oljevekstar og ein av fleire grunner til at vi har beskjeden oljevekstdyrking i Noreg. No vil forskarane lure småkrypa med kvite rapsblomar og fangstplanter rundt åkeren.

I Noreg er det ein aukande etterspurnad etter raps, rybs og andre oljevekstar. Det er stort rom for å dyrke meir protein her til lands og redusere behovet for import av mellom anne soya til kraftfôr. Dessutan kan oljevekstplanter brukast til vekstskifte i kornproduksjonen, noko som vil betre lønsemda.

Men det er gjort lite forskingsarbeid for å skreddarsy dyrking av raps og rybs etter norske forhold. I dag blir desse plantene dyrka på rundt 40 000 dekar. Dette er berre knapt to prosent av kornarealet, så potensialet er stort.

Fram til no har ei lita bille vore med og setje ein brems på dyrking av oljevekstar i Noreg. Syndaren heiter rapsglansbille og finst i heile landet utanom Finnmark. No vil forskarar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) prøve nye strategiar for å redusere verknaden av desse skadegjerarane.