Historisk arkiv

Fleire husstandar får bustønad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 247/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjett 2006

Fleire husstandar får bustønad

– Bustønaden er det viktigaste økonomiske verkemiddelet for å hjelpe dei som er vanskelegstilte på bustadmarknaden, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. No vil regjeringa utvide bustønadsordninga ytterlegare.

I statsbudsjettet for 2006 føreslår regjeringa å fjerne arealkravet for husstandar som kan søkje bustønad på grunnlag av at dei har attførings- eller rehabiliteringspengar, yrkesskadeerstatning, grunn- eller hjelpestønad, tidsavgrensa uførestønad eller langvarig sosialhjelp som einaste inntektskjelde. Arealkravet seier at husværet skal vere på over 40 kvadratmeter for at husstanden skal kunne få bustønad. Forslaget, med ein kostnad på 35 millionar kroner, er eit ledd i tiltaksplanen for å motverke fattigdom.

– For kommunane vil forslaget gjere det enklare å skaffe bustader til mellom anna bustadlause, seier Erna Solberg.

Frå 2002 til 2005 blei bustønaden styrkt med til saman over 350 millionar kroner.

2005

  • Arealkravet på 40 kvadratmeter blei fjerna for alle barnefamiliar
  • Dekningsgraden blei heva frå 70 til 80 prosent i kommunalt disponerte utleigehusvære
  • Innvandrarar som deltek i introduksjonsprogrammet fekk rett til bustønad.

2004

  • Arealkravet blei fjerna for barnefamiliar o.fl. i kommunalt disponerte husvære
  • Buutgiftstaket blei heva i dei åtte største byane
  • Det blei innført månadlege utbetalingar av bustønaden.

2003

  • Finansieringskravet blei fjerna for barnefamiliar
  • Sjablonen for lys og varme blei justert
  • Det blei gitt ei ekstrautbetaling på 2500 kroner som kompensasjon for auka straumutgifter.

2002

  • Buutgiftstaket blei heva i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.