Historisk arkiv

Flytting av tungt vedlikehald av SAS-fly - frå Fornebu til Gardermoen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


20. desember 1995

Samferdselsminister Kjell Opseth om:

FLYTTING AV TUNGT VEDLIKEHALD AV SAS-FLY - FRÅ FORNEBU TIL GARDERMOEN

Vedtaket i SAS-styret om at det tunge vedlikehaldet av SAS-fly skal flyttast frå Fornebu og over til den nye hovudflyplassen på Gardermoen er gledeleg og i tråd med det norske styresmakter i lengre tid har arbeidd for. Vedtaket er også eit teikn på at ein ved SAS-verkstaden på Fornebu har tilsette og eit teknologisk miljø som er i stand til å hevde seg godt i ein sterk internasjonal konkurranse. Flyttinga av vedlikehaldet til Gardermoen vil - saman med Forsvarets sin nye flystasjon på Gardermoen og vidare utvikling av det flytekniske miljøet på Kjeller - leggje til rette for at ein i Noreg kan utvikle eit sterkt høgteknologisk miljø for luftfart.


Kontaktperson:
Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 24 81 08 (privat 22 60 21 42)


Lagt inn 2 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen