Historisk arkiv

Fordeling av mandata på valdistrikta ved stortingsval

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Det følgjer av vallova § 11-3 første ledd at departementet kvart åttande år skal fordele alle stortingsmandata på valdistrikta. Departementet har no berekna fordelinga, med verknad for stortingsvala i 2013 og 2017.

Vallova § 11-3 fjerde ledd fastset at departementet skal underrette Stortinget om utfallet av mandatfordelinga. Vedlagt følgjer ein rapport som viser resultatet av berekninga (samla mandatfordeling). Eg legg óg ved ein rapport som viser alle utrekningane som ligg til grunn for berekninga. Denne rapporten viser óg kva for tal som er lagde til grunn for areal og innbyggjarar (folketal).

Med helsing

Liv Signe Navarsete

Vedlegg: Fylkesfordeling av stortingsmandater 2013 - 2017 (pdf)

Til toppen