Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø til Tromsø, Alta og Kautokeino

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) vitjar måndag 26. august UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø og i Alta, og 30-årsjubilanten Samisk høgskole i Kautokeino tysdag 27. august.

I Tromsø vil Nybø møte studentar ved Studentparlamentet og diskutere mellom anna Tromsø som studentby. I Alta er barnehagelærarutdanninga i Alta tema for møtet. Etter Alta reiser Nybø vidare til Kautokeino der ho skal delta på 30-årsjubileet til Samisk høgskole.

Program måndag 26. august:

12.30 – 14.00

UiT Noregs arktiske universitet, Tromsø

Adresse: Hansine Hansens veg 18, 9019 Tromsø

 

16.00  - 17.00

UiT Noregs arktiske universitet, Alta

Adresse: Follumsvei 39, 9510 Alta

 

Program tysdag 27. august:  

09.00 – 12.00

Samisk Høgskole, Kautokeino

Adresse: Hannoluohkka 45, 9520 Kautokeino

 

 Kontakt:
Dersom pressa ønsker å delta, kan dei ta kontakt med politisk rådgjevar Kjartan Almenning på tlf 958 40 227,  kjal@kd.dep.no for nærare avtale.

Til toppen