Historisk arkiv

Forskings og høgare utdanningsminister Iselin Nybø til NTNU Gjøvik for å sjå på tiltak mot eksamensstress

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Måndag 3. desember besøker forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø NTNU Gjøvik for å sjå på tiltak mot eksamensstress, mellom anna korleis dei brukar hund for å gjere studentane rolege før eksamen.

Ved NTNU Gjøvik har dei for tredje år på rad kos med hund som eit av fleire tiltak mot eksamensnervøsitet. Studiestaden fortel at tilbodet har vakse, og i år står ni hundar til disposisjon for klapp og kos.

Det vil gjerne forskings- og høgare utdanningsministeren høyre meir om. Iselin Nybø kommer difor og blir med på hundekos førstkommande måndag.

Tid:                        Måndag 03.desember kl.09.30 - 10.30

Stad:                     Teknologiveien 14, Gjøvik

 

Det blir høve til å intervjue statstråd Nybø, studentar og hundeeigarar.

Kontakt:
Journalistar som ønsker å vere til stades kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Ragnhild Skaara Imset på telefon 93435930 eller på mail rask@kd.dep.no